Utdanningsdagen - Idrett og friluftsliv

Oppmøte: Idrettsbygget

Høgskulen i Volda er kjend for studia sine innan idrett og friluftsliv. Vi har eit godt kvalifisert fagmiljø.

Som student på bachelor i friluftsliv og naturguide, lærer du å planleggje, gjennomføre og vurdere friluftslivopplegg, opplæring og guiding for born, ungdom og vaksne. Du lærer også å gjennomføre helsefremjande og førebyggjande tiltak for ulike målgrupper i naturen. Du vil vere mykje ute på tur, i skogen, ved kysten og på fjellet, både haust, vinter og vår. Høgskulen har ein eigen kystfriluftslivsbase med naust, båtar, telt og hamner.

Som student på bachelor i idrett og kroppsøving, lærer du å planleggje, gjennomføre og vurdere fysisk aktivitet for born, ungdom og vaksne. Du lærer også å gjennomføre helsefremjande og førebyggjande tiltak med fokus på fysisk aktivitet. Du får tilgang til gode fasilitetar som idrettshall, treningsbaner, treningsrom og testlaboratorium.

Begge studia legg opp til ein aktiv studentkvardag. Dei kvalifiserer deg til arbeid innan kulturforvaltning, frivillige organisasjonar og skuleverket i kombinasjon med PPU.

Hos oss får du informasjon om studiemodellen for idretts- og friluftslivsstudia og undervisningsmåtar.