Utdanningsdagen - Journalistikk

Oppmøte: Sivert Aarflot-huset (mediebygget) SAA 225

Høgskulen i Volda er nasjonalt kjend for sine medieutdanningar og har ei av landets leiande journalistutdanning som utdannar journalistar for både avis, fjernsyn, radio og nett.

Bachelor i journalistikk er ei fagleg anerkjend og svært fleksibel yrkesutdanning som opnar opp eit vidt spekter av viktige og interessante jobbar. Studentane får systematisk trening i journalistisk arbeid og kunnskapar om journalistikk som fag. Journaliststudentane i Volda får unike og attraktive praksisplassar i landets største mediebedrifter, noko som kan gi framtidig tilsetjing.

Under utdanningsdagane vil du få innføring i korleis ein journalist jobbar, lære intervjuteknikk, i tillegg til gjennomgang av opptak i etterkant.

Etter fullført bachelorgrad er det mogleg å bygge vidare på utdanninga med ein mastergrad. Høgskulen i Volda tilbyr landets einaste praktiske mastergrad innan media, Master in Media Practices. Her møtes mediestudentar frå animasjon, design, produksjon, journalistikk, kommunikasjon og PR til ein felles mastergrad.