Val av studentrepresentantar perioden 2024-2025
I tidsrommet 3.–10. oktober 2024 blir det val av to studentrepresentantar og to vararepresentantar til Høgskulestyret.
Studentrepresentant i Høgskulestyret får vere med å bestemme viktige saker på høgskulen. Høgskulestyret har om lag sju møter i året og studentrepresentantane blir velt for eit år om gongen. Arbeidsspråket ved høgskulen er norsk.
Høgskulestyret sine oppgåver:
Styret er det øvste organet ved Høgskulen i Volda. Dei har ansvar for at den faglege verksemda held høg kvalitet og for at institusjonen blir drevet effektivt, i samsvar med lover og dei rammene som overordna styresmakt gir.
Nominasjon og stemming
I perioden frå 20. august til 20. september kl. 14.00 kan studentar ved Høgskulen i Volda nominere seg sjølve eller andre studentar. Sjå valreglementet § 14-5, 3. ledd om valbarheit.
Hugs å avtale på førehand med den eller dei studentane du vil nominere, slik at dei er einige i nominasjonen.
Husk at valdeltaking er viktig
I perioden 3.–10. oktober 2024 skal det veljast to faste studentrepresentanter samt to vararepresentanter. Alle som stemmer blir automatisk med i en trekning av tre gavekort à kr 1 000,–
Du kan stemme på éin kvinneleg og éin mannleg kandidat.
Viktige datoar for studentrepresentantvalet:
20. august–20. september, kl. 14.00: Nominasjonsperiode
23. september kl. 14.00: Svarfrist for dei nominerte
27. september: Presentasjon av studentrepresentantane på nettsidene til HVO
27. september–3. oktober: Valkampperiode
3.–10. oktober kl. 14.00: Valperiode
Har du spørsmål om valet, kontakt Valstyret på e-post: valstyret@hivolda.no