Val ved Høgskulen i Volda

Styret er det øvste organet ved Høgskulen i Volda.

Valstyret er ansvarleg for å gjennomføre val til alle verv i styret, med unntak av dei fire eksterne representantantane som er peika ut av Kunnskapsdepartementet kvart fjerde år. Styret har sett ned eigne reglar for val til styret, og desse finn du på lenken «Valreglement» under. Valstyret er peika ut av styret på HVO og har ansvaret for at alle val til styret vert gjennomført på ein ansvarleg og demokratisk måte i tråd med reglementet sett ned av styret.
Komande val:

  • Haust 2024 Val av studentrepresentantar for perioden 2024-2025