Rektorval

Kven kan nominere?

Alle som har stemmerett har rett til å setje fram forslag til ein kandidat til rektorvervet. I praksis vil dette seie studentar og tilsette ved HVO, og for å vere trygg på at du har stemmerett/ nominasjonsrett kan du sjekke manntalet som ligg på Studentsørvis. Eit forslag på kandidat til rektorvervet må vere signert av minst fem personar med stemmerett for å vere gyldig. Det kan vere maksimalt sju personar som signerer på eit forslag på kandidat til rektorvalet. Ingen kan skrive under på meir enn eitt forslag. Eit forslag skal berre ha namn på ein kandidat til rektorvervet.

Kven kan nominerast?

Både tilsette ved Høgskulen i Volda og eksterne kandidatar kan veljast som rektor. Jamfør Universitets og høyskoleloven §10-2 punkt 1. Hugs at:

  • Interne kandidatar (tilsette ved HVO) må vere spurt på førehand, men treng ikkje gje sitt samtykke til nominasjon. 
  • Eksterne kandidatar (ikkje tilsette ved HVO) må vere spurt på førehand, og må gje sitt samtykke. Skriftleg samtykke frå vedkomande må leggast ved nominasjonen.

Korleis nominere?

Fyll ut og signer vedlagte nominasjonssetel saman med minst fire andre personar og send den som vedlegg til valstyret@hivolda.no seinast 10. november. 
 

Tidsplan 

Tidspunkt/tidsperiode

Kva

Korleis

26. september

Valperioden vert gjort kjent

 

Seinast 5. oktober

Manntal vert lagt ut til gjennomsyn

På Studentsørvis

3. oktober – 10. november

Nominasjonsperiode

Send signert nominasjonsslipp som vedlegg per e-post til valstyret@hivolda.no

15. november

Frist for å søke om fritak frå å stille til val

Søknad sendast til valstyret@hivolda.no

24. november

Frist for å melde inn prorektorkandidat

Sendast til valstyret@hivolda.no

25. november

Presentasjon av dei nominerte

Nett, e-post og informasjonstavle

25. november – 9. desember

Valkamp-periode

 

  25. november  Frist for å klage på at ein ikkje står i manntalet  E-post til valstyret@hivolda.no

5. desember kl. 14.00-16.00 

Utspørjing av rektorteamet

 

9. desember – 16. desember kl 13.00.

Valperiode

Elektronisk val, informasjon vert sendt ut per e-post.

16. desember

Kunngjering av resultat

 

 

Liste over alle som har stemmerett (manntalsliste) vert gjort tilgjengeleg i Studentsørvis i løpet av måndag 5. oktober. Frist for å klage på at du eventuelt ikkje skulle stå i manntalet er 25. november.