Studer media og journalistikk i Volda!

Tett samarbeid med bransjen, det nyaste utstyret og praktisk retta undervisning gjer at studentane frå Volda er attraktive i mediebransjen. Høgskulen i Volda har utdanna anerkjente mediefolk, journalistar, animatørar og kommunikatørar i over 50 år. Undervisninga foregår i eit topp moderne mediehus. 

To studenter som øver i et radiostudio

Finn ei utdanning som passar for deg!

Gode grunnar til å studere media og journalistikk i Volda:

  • Studia våre har mykje internpraksis og særs gode avtalar for ekstern praksis. Vi opplever at studentane våre er erfarne når dei er ferdig utdanna.
  • Vi har radio- og tv-studio, animasjonsverkstad og alt du treng av spesialrom for å bli god og ha det kjekt. Vi har moderne utstyr som tilsvarer det du ville brukt i jobb. Som student har du tilgang 24 timar i døgnet.
  • Høgskulen har eit stort nettverk og eit tett samarbeid med dei ulike bransjemiljøa både i Noreg og i utlandet. Vi har mange dyktige gjesteforelesarar på besøk hos oss, og du får gode kontaktar gjennom studietida. Også medstudentane dine vert verdifulle kontaktar.
  • I løpet av medieutdanninga kan du velje å studere i utlandet.  Høgskulen i Volda er ein av dei beste på internasjonal studentutveksling.
  • Vi har et topp moderne mediebygg som er tilpassa framtida og bere få år gammalt. Her er mediefagstudentane så heldig å ha si undervisning.
  • Å vere student i Volda gir deg opplevingar og vener for livet i verdas beste studiemiljø!