Studer språk og litteratur i Volda!
Glad i språk eller litteratur? No kan du fordjupe deg i favorittemna dine! I Volda har vi eit brennande engasjert fagmiljø og eit nasjonalt Nynorsksenter – og vi ligg sentralt i Ivar Aasen-land. Jobbmessig kan språk- og litteraturfag gjere deg ettertrakta i skuleverket, og du kan vere aktuell for jobbar som treng språk- og tekstkompetanse, både i offentleg og privat sektor.

Finn ei utdanning som passar for deg!
Gode grunnar til å studere språk og litteratur i Volda:
- Høgskulen i Volda har eit sterkt fagmiljø med dyktige tilsette som brenn for faga sine.
- Garden til Ivar Aasen ligg ein sykkeltur unna Høgskulen, og det er sterke nynorsktradisjonar i regionen. Studiar i Volda kan hjelpe deg til både å like og meistre denne vakre målforma.
- Nynorsksenteret ligg plassert på Høgskulen i Volda, og er nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa.
- Å vere student i Volda gir deg opplevingar og vener for livet i verdas beste studiemiljø!