Digitale pensumlister i Leganto

Høgskulen i Volda nyttar det digitale pensumlistesystemet Leganto, og pensumlistene er kopla til biblioteksystemet Oria. Studentane vil kunne sjå om biblioteket har ledige eksemplar av bøker, og dei vil få direkte tilgang til elektroniske ressursar. Pensumlistene blir publiserte på eiga nettside, og alle har tilgang til desse når dei er ferdigstilt frå biblioteket. I Canvas får ein tilgang til pensumlistene (i venstremenyen) når ein har registrert seg som student. 

Tidsfristar

15. mai: Pensumlister for haustsemesteret
1. november: Pensumlister for vårsemesteret

Informasjon til fagansvarlege

  • Tidlegare pensumlister kan gjenbrukast. Kopi av pensumlister frå tidlegare semester vil vere klare for redigering direkte i Leganto (innlogging øvst på sida) i god tid før fristen for innlevering. Når nye emne er klare i Canvas, kan ein også redigere pensumlista der. 
  • Når lista er ferdig redigert, trykkjer ein på "Send pensumliste". Lista kjem då til biblioteket for ferdigstilling. Dette må gjerast innan tidsfristen (15. mai/1. november).
  • For nye emne må det lagast pensumliste "frå botnen". 
  • Retningslinjer for pensum finn du her
  • BOLK: Alle bokutdrag som blir kopiert og brukt som pensum i eit emne, skal klarerast i BOLK (jf. Kopinor-avtale). Meir informasjon: BOLK og digitale kompendium

Treng du hjelp/rettleiing? 

Ta kontakt med biblioteket leganto@hivolda.no eller sjå rettleiingar nedanfor.

Biblioteket

Bibliotektilsette kvalitetssikrar og ferdigstiller pensumlistene. Når det er gjort, vil pensumlistene vere tilgjengelege både i Canvas og på HVO-nettside.  Sidan det kjem mange pensumlister til biblioteket rundt tidsfristen, må ein rekne med at det vil ta litt tid før alle lister er ferdigstilte. 

Tilrettelegging

Det er mange studentar som bruker lydbøker frå NLB pga lese- og skrivevanskar, kognitive utfordringar, m.m. I prosessen med å fastsetje pensum oppmodar vi om å undersøkje om pensumbøker også er å finne hjå Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB).