Visittkort

Alle tilsette kan sjølv bestille visittkort med HVO logo på.

Gå inn på: mediacreator.no/start/hivolda
Registrer deg som brukar. Du får snart ein e-post med brukarnamn og passord. 

Logg deg inn, vel kva farge du ønskjer, og fyll inn informasjonen i dei blanke felta. 

Dobbelsjekk at alt er rett, før du veljer kor mange visittkort du ønskjer å bestille.

Når du kjem til "Bekreft", skal du fylle ut eiga fakturakode i "tilleggsopplysningar". 
(Det er avdelinga du høyrer til som må betale for trykkinga.)

 

Visittkorta er i storleiken 84 x 55 millimeter. 

Tilsette kan sjølve bestemme kva for farge dei vil ha på topplinja på visittkortet. Fargen må vere ein av profilfargane til høgskulen, med unntak av svart, gul og grå.

Du kan også velje å ha engelsk tekst på baksida av visittkortet.

Problem? Ta kontakt med Kommunikasjon