Slik søker du opptak til eitt eller fleire av dei ni emna i digital kompetanse ved Høgskulen i Volda.

  • Søknadsfrist: Emna har løpande opptak. Dei er ope fram til dei er fullteikna, eller det nærmar seg semesterstart. Søk difor snarast.
  • Opptakskrav: Fullført lærarutdanning (grunnskulelærar, barnehagelærar, faglærar, PPU eller liknande)
  • Dokumentasjonsfrist: Grunna løpande opptak bør du laste opp dokumentasjon snarast.
  • Studieavgift: Emna har ei studieavgift på kr 2 000 (per 5 studiepoeng), i tillegg til semesteravgift.

Steg 1

Søknad må registrerast i søkarportalen Søknadsweb. Løpande opptak vil seie at vi handsamar søknadar i den rekkefølga vi får dei inn, søk difor så snart som mogeleg. Det er ikkje rangering til desse studia, kvalifiserte søkarar får innvilga tilbod fortløpande så lenge det er plass på studiet.

Steg 2

Last inn nødvendig dokumentasjon som viser at du oppfyller opptakskravet. Det må vere tydeleg at generell studiekompetanse er oppnådd og ein type lærarutdanning fullført.

Vi kan ofte hente utdanninga di elektronisk om den er bestått etter 2005, men ikkje alltid. Merk at lærarutdanning må dokumenterast med vitnemål - karakterutskrift viser ikkje om utdanninga er fullført. Last opp under "mine dokumenter" i Søknadsweb, vi godtek ikkje dokumentasjon per e-post.

Steg 3

Når søknaden din er handsama, vil du få ein e-post med svar på om du er kvalifisert eller må laste opp meir dokumentasjon (sjå steg 2). Tilbod vert sendt ut kvar veke og du kan følgje med på statusen til søknaden din inne på Søknadsweb.

Steg 4

Om du takkar ja til studieplass vil du få ein e-post om aktivering av bruker i starten av august. Du får då studentnummer og kan registrere deg for semesteret i StudentwebHugs at du må registrere deg og betale semesteravgift innan 1. september.

Steg 5

Når registreringa er fullført vert du fakturert studieavgifta di. Hugs å betale denne innan forfallsdato.

Hjelp og kontakt

Få meir informasjon om opptak ved Høgskulen i Volda eller send ein e-post til sok@hivolda.no.