Vidareutdanning tilpassa deg
Vil du lære meir om teknologi og når det kan styrke læring?
Sjå tilboda frå Institutt for digital kompetanse nedanfor.
KI og vurdering er heilt nytt frå og med hausten -25. Robotar i læringsarbeid er også nytt, perfekt for deg som skal vere med på First lego League, eller berre er interessert i kreative- og skapande prosessar.
Hausten 2025 tilbyr vi:

[5 stp, Haust]
Programmering for barnehage og småskuletrinnet

[5 stp, Haust]
Innføring i tekstprogrammering

[5 stp, Haust]
Innføring i blokkprogrammering

[5 stp, Haust]
Spel i læringsarbeid

[5 stp, Haust]
Vurdering av multimodale prosessar og produkt

[15 stp, Haust]
Tilpassa opplæring med digitale ressursar

[5 stp, Haust]
KI og vurderingsprosessar

[5 stp, Haust]
Robotar i læringsarbeid

Fleksibelt og sjølvstyrt
Anten du er i full jobb eller siktar mot fulltidsstudium, tilpassar Høgskulen i Volda studieprogramma til ditt liv. Studer på dine premissar: fleksibelt, sjølvstyrt, og med relevant kompetanse for skule- og barnehagesektoren.
Våren 2026 tilbyr vi:

[5 stp, VÅR]
Digital skulehage og uteskule

[5 stp, VÅR]
Introduksjon til KI i skulen

[5 stp, VÅR]
Førebygge og stoppe nettmobbing

[5 stp, VÅR]
Programmering i
musikkundervisning

[5 stp, VÅR]
Utforskande digital praksis i barnehagen

[15 stp, VÅR]
Læringsdesign og klasseromsleiing i teknologirike læringsmiljø
Institutt for digital kompetanse
Vi underviser og forskar vi på digital kompetanse i læring, mediekompetanse og digital didaktikk.
Vi utviklar og driv studietilbod, kurs og oppdrag frå barnehage til og med vaksenopplæring og høgare utdanning.
Tilpassa opplæring, programmering, klasseleiing, mediekultur og medieproduksjon, kunstig intelligens m.m. er eksempel på område vi underviser og forskar på.


Erfaringsutveksling i Austerrike
I slutten av november var Ingvild Buhaug og Trine Refvik Kupen ved Institutt for digital kompetanse deltakarar på International Week ved Høgskulen i Volda sin partnarhøgskule, Pädagogische Hochschule Tirol i Innspruch.
La deg inspirere!
