Aktivere tofaktor-autentisering med mobil app

Å aktivere tofaktor-autentisering med Microsoft Authenticator er ein prosess i tre steg.

Microsoft Authenticator

  1. Installere app på telefonen din
  2. Utføre registreringsprosessen på PC'en din
  3. Kople appen på mobilen din til Microsoft-kontoen din 

Skjermbilda som vist i denne manualen er tatt på ein Windows PC. Det kan være små variasjonar på Mac.
Referansar til menyvalg o.l. i Microsoft Authenticator-appen kjem frå Android-versjonen av appen. Det kan være små variasjonar på iOS
.

 

1 - Installere app på telefonen din

På mobil, last ned og installer appen Microsoft Authenticator. Den kan du laste ned frå Google Play på Android-telefonar og frå App Store på iOS telefonar.

 

2 - Utføre registreringsprosessen på PC'en din

  1. Gå til ei teneste der du må autentisere deg, for eksempel Canvas. Du vil bli bedt om å logge inn. Studentane sitt brukarnamn er heile epostadressa som blei utdelt når studiet ved HVO starta; brukarnamn@stud.hivolda.no. Hugsar du ikkje brukarnamn eller passord kan du gå til https://passord.hivolda.no/
     
  2. Du blir bedt om å oppgi meir informasjon om deg sjølv.
    tvungen
    Klikk på «Neste».
     
  3. Gjer vala som vist her og klikk på "Konfigurer". 

     
  4. På PC'en din vil du få opp ein dialog à la dette. La den stå oppe på PC-skjermen, mens du tek fram mobiltelefonen din og går vidare med punkta under.
    ytterlig

 

3 - Kople appen på mobilen din til Microsoft kontoen din 

  1. På mobilen din, opne Authenticator appen. Når du køyrer appen for første gong, vil du få ein vegvisar der du velger «Legge til jobb- eller skolekonto», og deretter velger du «Scan QR kode». Har du nytta appen tidlegare må du først velge «Legg til konto» under menyen øverst i høgre hjørne.
    (Viktig: Du skal ikkje bruke kamera-appen eller andre tredjeparts QR appar når du skal scanne QR kode, det må gjerast inne i Authenticator appen.)
     
  2. Scan QR koda du har på PC-skjermen din. HVO-kontoen din vert no automatisk kopla til appen. 
    (Viktig: Ikkje scan QR koda i bildet over i manualen her, men i dialogen som du har fått opp på din eigen PC.)
     
  3. På PC'en din, klikk «Neste» rett under QR koda for å teste. Klikk deretter "Neste" ein gong til. 
     
  4. No får du eit varsel på telefonen din som du må stadfeste. Klikk "Godkjenn" på denne.
     
  5. Så vil du bli bedt om å oppgi mobilnummeret ditt. Gjer dette slik at det er mogleg å bruke sms som eingongs passord seinare, dersom noko skulle gå galt med appen.

     
  6. På PC'en din, husk å klikke på "Fullført" til slutt. 

 

Tofaktor-autentisering er no aktivert for kontoen din!

 

Tips: Inne i Microsoft Authenticator appen, opne menyvalet "Innstillinger". Der er det ei innstilling som heiter "Applås". Dersom denne innstillinga er skrudd på må du taste inn skjermlås før du får opp varsling frå Authenticator når du skal logge inn. 

Tips 2: Vil du seinare endre på autentiseringsvalget ditt, til dømes bruke sms i staden for app, så kan du logge inn på https://aka.ms/mfasetup og endre det der.