Tofaktor-autentisering

Tofaktor-autentisering for studentar og tilsette er no innført ved HVO.

Tofaktor-autentisering sikrar at brukarkontoar ikkje vert misbrukt, og at sensitive data ikkje kjem på avveie. Som namnet tilseier, er dette godkjenning eller pålogging med meir enn ein faktor. Denne kjem i tillegg til brukarnamn og passord. Dette nyttar du truleg allereie, til dømes når du loggar inn i nettbank eller på Skatteetaten sine sider. BankID, MinID og BuyPass er dømer på tofaktor-autentisering.

Når du er på eksterne nettverk, til dømes heime og på reise, vil du nytte tofaktor-autentisering. Men på HVO sine nettverk vil du ikkje få tofaktor-utfordring. 

IT-avdelinga ved HVO tilrår å nytte appen Microsoft Authenticator på mobiltelefonen for tofaktor-autentisering. Meir om denne og korleis dette fungerer, finn du i dei ulike boksane under. 

Ny knapp for Feide-pålogging

Saman med tofaktor-autentisering kjem også ein enklare måte å logge på Feide-tenester. I staden for å velje Høgskulen i Volda i rullegardin-meny og taste inn brukarnamn og passord, klikker vi oss rett inn via knappen «Bruk arbeids- eller skolekonto». 

Deretter vil du bli bedt om å logge på med brukarnamn og passsord. Studentane sitt brukarnamn er heile epostadressa som blei utdelt når studiet ved HVO starta; brukarnamn@stud.hivolda.no

Feide innloggingsdialog