Alternative metodar for tofaktor-autentisering

IT-kontoret tilrår at ein brukar app på mobil for totrinns-autentisering. Dette er ei sikrare og betre løysing enn andre metodar. Det fins alternativ både med og utan mobiltelefon. 

 

Ønskjer du å nytte til dømes godkjenning på SMS i staden for mobil-appen Authenticator, kan du logge inn på vanleg måte i denne portalen

Her finn du informasjon om oppsettet ditt, og kan legge til og endre tofaktor-metoden din (Sjå skjermdump).

Portal for endring av tofaktor



Kan du ikkje nytte mobiltelefon til tofaktor-autentisering, er det mogleg å nytte følgjande alternativ:


For studentar:

  • Nytt deg av nettlesartillegg ("add-on") i Google Chrome. Dette fungerer kun for Chrome, ikkje andre nettlesarar
     
  • Applikasjon på PC/Mac: Last ned ønska programvare til datamaskina di. Det er fleire variantar å velje i, til dømes WinOTP Authenticator
     
  • USB-tryggleiksnøkkel: Av dei mange produkta på marknaden har vi testa YubiKey 5 NFC. Du må installere programvare på maskina di og sette opp denne med tryggleiksnøkkelen. YubiKey finn du i ymse nettbutikkar
     
  • Merk: Val, oppsett og bruk av desse alternative løysingane til tofaktor-autentisering er på eige ansvar. Du må dekke eventuelle kostnader sjølv. 

 

For tilsette: Tilsette som må nytte alternativ til mobil-app må ta kontakt med IT-hjelp. Du treng ein USB-tryggleiksnøkkel og tilhøyrande programvare. Dette må installerast på maskina di. Merk at dette ikkje vil fungere med enkelte gamle pc-ar. Det er også eit mindre brukarvenleg alternativ, og må bestillast inn.