Har du fått ny mobil?

Dersom du har fått ny mobiltelefon må du sette den opp slik at tofaktor-autentisering fungerar også der. Her får du hjelp til dette.

Det fins meir hjelp å få på Ofte spurte spørsmål dersom du ikkje kjem i mål gjennom denne veiledninga.

Korleis kan eg overføre oppsett for tofaktor-autentisering til min nye mobiltelefon?

Har du fortsatt tilgang til din gamle mobiltelefon?

Her er ei veiledning for å sette opp skylagringskopiering på din gamle mobil, og gjenopprette denne på din nye mobil. 
Endå grundigare rettleiing fins på Microsoft sine support-sider.

For å gjere dette treng du ein personleg Microsoft-konto som fungerar som din gjenopprettingskonto. Dersom du ikkje har det frå før vil du bli bedt om å opprette undervegs i prosessen. 
Om du har iPhone må du også ha ein iCloud-konto.

 

Slå på skylagringskopiering for iPhone

  1. Åpne Microsoft Authenticator appen og velg Meny (tre strekar oppe til venstre)
  2. Velg Innstillinger
  3. Slå på Sikkerhetskopiering, slå deretter på iCloud-sikringskopi

Slå på skylagringskopiering for iPhone

 

Slå på skylagringskopiering for Android

  1. Åpne Microsoft Authenticator appen
  2. Velg Innstillinger (tre prikkar oppe til høgre)
  3. Slå på Sikkerhetskopiering i skyen
  4. Dersom du har ein personleg Microsoft konto frå før, angi denne som konto for gjenoppretting. Dersom du ikkje har ein konto frå før, eller ønsker ny konto, velg Ny konto i vegvisaren.

Slå på skylagringskopiering for Android

 

Gjenopprett kontolegitimasjon på din nye mobil

  1. Installer Microsoft Authenticator appen
  2. Åpne appen og velg Start Gjenoppretting på det første skjermbildet som møter deg når du ikkje har nokon kontoar konfigurert i appen
  3. Logg på gjenopprettingskontoen din med den personlege Microsoft-kontoen du brukte under sikkerheitskopieringa. 

Gjenopprett kontolegitimasjon

Har du ikkje lenger tilgang til din gamle mobiltelefon?

Om du ikkje lenger har tilgang til din gamle mobil der du tidlegare hadde appen, må du sette opp Microsoft Authenticator appen på nytt.

Då må du først kontakte IT-hjelp / 5400 og seie at du trenger hjelp til å resette tofaktor-oppsettet/Authenticator for din bruker. 

Deretter følger du veiledninga for oppsett på https://www.hivolda.no/IT-Tenester/tofaktor-autentisering/aktivere-tofaktor-autentisering-med-mobil-app