Ofte stilte spørsmål om tofaktor-autentisering

Kva gjer eg om eg har problem med tofaktor-autentiseringa?

  • Får du ikkje hjelp på denne sida, er brukarmanualen eit godt tips
  • Kontakt IT-hjelp om du framleis står fast

 

Kor ofte må eg autentisere meg?
Det kan variere! Om du nyttar eit HVO-produkt må du gjere det sjeldnare enn om du nyttar privat maskin/telefon. Når du er på HVO sitt nettverk, inkludert VPN, skal du ikkje bli bedt om tofaktor-autentisering. Når du er på reise og utanfor høgskuleområdet må du rekne med å få tofaktor-autentisering minimum kvar 45. dag, og sannsynligvis oftare. Det vil skje oftare dersom du nyttar ulike nettlesarar.

 

Kva om eg gløymer telefonen heime, eller den ikkje fungerer? 
Forhåpentlegvis vil du sleppe å autentisere deg akkurat den dagen dette skjer. Er du maks uheldig, kan IT-hjelp by deg på ei naudløysing.

 

Kan eg nytte ein annen app enn Microsoft Authenticator?
Vi tilrår Microsoft Authenticator med eitt-trykks-godkjenning for Android og iOS. Google Authenticator, Authy og andre apper fungerer også, men IT-hjelp gir berre support på Microsoft Authenticator.

 

Microsoft Authenticator fungerer ikkje. Kva gjer eg?
Du kan prøve å installere Microsoft Authenticator på nytt på telefonen din. Sjekk brukarmanualen for korleis. 

Alternativt kan du prøve å slette profilen frå Microsoft Authenticator og legge den til på nytt. 
Slik gjer du dette på iPhone (merk det kan vere små variasjonar på Android):

  1. Trykk på kontoen du vil slette
  2. Trykk på tannhjul oppe til høgre
  3. Trykk på «Fjern konto» og stadfest

Delete Authenticator profile

 

Må eg bruke mobiltelefonen min til tofaktor-autentisering?
Mobiltelefon med appen Microsoft Authenticator er tilrådd metode, men det fins alternative metoder.


Spørsmål om tofaktor kjem veldig ofte...
Det kan være fleire årsaker til dette. Her er nokre tips:

  • Du kan huke av for "Husk meg" når du loggar inn på tenester via nettlesaren din, så blir det færre spørsmål om autentisering
  • Å bruke ein app (til dømes Outlook) i staden for å gå inn på ei teneste via nettlesaren din, kan bidra til færre spørsmål om autentisering
  • Har du sett opp sletting av nettleserdata ved lukking av nettlesaren, kan dette gjere at du må nytte deg av tofaktorautentisering kvar gong du logger på
  • Nyttar du privat nettlesingsmodus må du logge på kvar gong du går inn i nettlesaren, sidan historikk om autentisering ikkje vert lagra i slik modus
  • Logger du ofte av og på VPN og/eller nyttar nettlesarar som «Tor», vil du bli spurt om å autentisere deg oftare