Aktivitetsauke i biblioteket!

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

 

2005

2006

2007

2008

Utlån totalt

49 691

53 752

56 800

61 912

Utlån til master og- fjernstud.

6 241

8 082

8 863

8 725

Utlån til andre bibliotek

3 589

4 314

4 442

5 394

Innlån frå andre bibliotek

4 001

4 071

4 487

3 901

Besøk

130 036

116 429

108 155

107 919

Besøk på heimesida

50 202

61 935

60 620

84 858

Utlån av film og musikk står for mesteparten av auken, medan utlån av papirdokument er på nokså nøyaktig same nivå som i 2007.

Utlånsauken av film kjem først og fremst av at vi etterkvart ha fått ei DVD-samling som er verdt eit besøk. Auken i utån av musikk kjem av at vi hausten 2007 overtok musikksamlinga (CD-ane) frå ALU.

Utlånet til andre bibliotek aukar stadig. Ei årsak til det kan vere stadig dårlegare folkebibliotek som må vidareformidle stadig fleire låneønskje til andre bibliotek.

Innlån

Det har vore ein viss nedgang i innlånet frå andre bibliotek. Avgrensing i innlånet for bachelorstudentar (maks 10 samtidige lån) er truleg grunnen.

Databasebruk

Statistikken syner ein merkbar auke i bruken av basane Ordnett, Academic Search Elite, A-tekst,Ebrary og Store Norske leksikon (no fri bruk).

For fleire basar er bruken på det jamne, og for eit fåtal er det ein mindre nedgang.

Vi abonnerte på ein ny fulltekstdatabase i 2008: Grove online music

Besøk

Besøket er praktisk talt likt med fjoråret. Den venta nedgangen som følgde informasjonsteknologi-eksplosjonen har flata ut, trass i at det også dei siste 3 åra har blitt utvikla nye tenester som gjer personleg frammøte mindre nødvendig enn før.  Dette viser også igjen i ein auke i besøkstalet på heimsida med heile 40%.

Oppsummert:

  • Sjølv om det er databasar vi ikkje har og som vi burde ha, er tilgangen til nye informasjonsberarar større enn nokon gong. Både studentar og tilsette har tilgang til basane heimanfrå, eller for den del: Frå andre verdsdelar!

  • Etterspurnaden etter papirbasert informasjon har ikkje gått ned

  • Trass i at stadig meir kan frå kontor og heimanfrå, har besøkstala vore stabile siste tre åra. Ikkje minst er biblioteket si rolle som studerkammer tydeleg.

Dette betyr at biblioteket er meir brukt enn nokon gong!

Del på