Biblioteket – både sosialt og læring for studentar

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Ein stad å kunne senke skuldrane, ta ein kaffi, lære med og av andre, få hjelp av flinke bibliotekarar eller nyte stillheita medan du les – bli med inn i biblioteket og sjå alt dei har å tilby studentane i Volda!

Biblioteket ved Høgskulen i Volda er så mykje meir enn rekker med reolar der tusenvis av bøker står plassert. Det er ein møteplass for studentar – der smil og latter (ikkje høglytt over alt) går hand i hand med studiar, kollokviegrupper og eksamensførebuingar.

– Det skal være kjekt å kome på biblioteket, og vi vil at ein skal føle seg som heime, seier Mona Iren Auganæs, leiar ved biblioteket.

Liv og røre heile tida

Ja, og det er nettopp det dei har fått til på biblioteket. Det er heimekoseleg. Med behagelege møblar, grøne plantar i kvar ein krok og tilsette som ønsker deg varmt velkomen.

Og det er nesten alltid lys der inne, tidleg på morgonen og seint på kveld, ja faktisk heilt til midnatt. For som student ved høgskulen har ein tilgang til biblioteket i tidsrommet 07.00 – 24.00. I ein god del av tida er det bemanna og ein kan få hjelp i skranken, i resten av tida er det sokalla meirope som betyr at ein må ha med studentkortet for å kome seg inn.

Det er ikkje sjeldan ein høyrer studentane skryt av kor kjekt det er å vere på biblioteket og at det er dit dei dreg når dei både skal ha det kjekt og få ting gjort med skulearbeid.
 


Besøk nettsidene til biblioteket her.

Personleg hjelp med skule

Biblioteket tilbyr fleire kurs som heile klassar kan vere med på som handlar om korleis ein best kan søke etter litteratur eller korleis ein skal bruke og vise til kjelder når ein skriv skoleoppgåver. 
I tida før eksamen har dei også gjerne tilbod om kjeldesorteringsstasjon, der studentar ein og ein kan få hjelp til kjeldearbeid. Biblioteket tilbyr også oppgåvehjelp, der ein kan få hjelp av ein bibliotekar for å forstå oppgåva og få struktur på den eller andre gode råd som akademisk språk og stil.

Det er også mogleg å låne ein bibliotekar, på det viset at studenten får «eigentid» med ein bibliotekar som vil hjelpe studenten med det den måtte ha behov for innanfor visse rammer.
I tillegg tilbyr biblioteket læringsvideoar, eksempelsamlingar, nettkurs og mykje meir hjelp når ein skal skrive oppgåver. Sjekk det ut her.

Trass i at 2020 var sterkt prega av korona nytta heile 630 studentar seg av biblioteket sine 38 kurs- og undervisningstilbod.

Nesten 100 studentar og tilsette lånte seg en bibliotekar gjennom tenesta «Lån ein bibliotekar».

Biblioteket- studentar får hjelp

Følg biblioteket på Facebook og Instagram.

Grupperom og lesesal

I biblioteket har ein 7 romslege og praktiske grupperom som berre studentane kan booke. Totalt er det godt over 20 grupperom på heile høgskulen som studentane kan booke.

Her møtast studentar for å arbeide med skule i lag, anten det er å gå gjennom pensum saman, skrive oppgåver, diskutere fagleg eller det dei måtte ønske. 

Det er også mange arbeidsplassar i ope landskap, i soner der det skal vere stille og i soner der ein kan prate med innestemme.

Ønsker ein å høyre knappenåla falle i golvet og så nær total stillheit ein kjem er målet, er lesesalen på biblioteket staden. Der skal det vere mogleg å konsentrere seg og få lesinga og jobben gjort for alle. 

Læringsverkstaden

Læringsverkstaden er staden om du lurer du på noko om digital undervising eller bruk av ulike ressursar i digital eller fysisk undervising og i oppgåvearbeid. Dei held til i biblioteket og altså sin eigen verkstad der. 

Tags

Del på