Biblioteka inviterer til bokfestival i Volda 4. november

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

2010 er utpeika til nasjonalt leseår, Leseåret 2010, og det vert markert med små og store arrangement og aktivitetar i bibliotekregi over heile landet.

Møre og Romsdal fylkesbibliotek har tatt initiativ til ei felles satsing der det vert fokusert på lokale forfattarar, og det gledelege resultatet er ei rekkje litterære arrangement i heile fylket torsdag 4. november.

I Volda og Ørsta har folkebiblioteka og biblioteka ved Høgskulen i Volda og Volda vidaregåande skule gått saman om å arrangere ein bokfestival med lokale forfattarar i kafeen på Volda omsorgssenter.

Dei presenterer eit allsidig program der fem lokale forfattarar deltek med kvart sitt innslag:

Kl. 17.30: Valborg Hustadnes om Sæterliv i Voldafjell

Kl. 18.15: Jostein Fet om Sunnmørsk tunnamn m.m.

Kl. 19.00: Jan Inge Sørbø om Lyset frå fars ansikt

Kl. 19.45: Kaffipause

Kl. 20.15: Omar Sayda, ny i Volda og flyktning frå Kurdistan, fortel om forfattarskapen sin og les eigne dikt.

Kl. 20.45: Terje Aarset om Den nynorske songskatten

Arrangørane håpar mange vil setje av denne kvelden til litterært påfyll i kafeen på Volda omsorgssenter. Arrangementet er gratis og ein står fritt til å delta på heile eller berre delar av programmet.

6b1f143e56d84b65cc2dca18b007f0d8faa7dca2    f771f7841c161909873eee4d2d1277317319e87e  51ee4977d04fe880e1e0d034244fffa5addce8bc   732b9757e50aff66fc67643884c570e9b275caf5 
Jostein Fet Valborg Hustadnes Jan Inge Sørbø Terje Aarset

Del på