BIBSYS på Facebook
BIBSYS har som mål å gjere kunnskap tilgjengeleg i alle kanalar. Ein av dei viktigaste kanalane for spreiing av informasjon og kunnskap, er i dag den sosiale nettverkstenesta Facebook. Då er det naturleg at ein får tilgang til søk i BIBSYS Ask via denne tenesta.
BIBSYS har difor utvikla ein applikasjon som let deg søke i BIBSYS Ask medan du er pålogga i Facebook. Du får også høve til å leggje til applikasjonen på profilen din, og du kan få lenke til både Mi Side og Avansert søk.