Den internasjonale Holocaustdagen

Biblioteket markerer den internasjonale Holocaustdagen 27. januar med ei lita utstilling. Holocaustdagen er til minne om den 27. januar i 1945 då styrkar frå den sovjetiske Raude armé frigjorde dei om lag 7000 attverande og overlevande fangane i Auschwitz.

I Noreg vert dagen mellom anna markert ved utdeling av Benjaminprisen. Denne prisen vert årleg delt ut til ein skule som har utmerkt seg i arbeidet mot rasisme og diskriminering.

Del på: