Det nynorske nettleksikonet Allkunne er på lufta!

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

I første omgang publiserer nettstaden tekstar om den nynorske kulturhistoria. På sikt vil der óg kome tekstar om andre emne. Mellom anna er ein i ferd med å inngå avtale om kjøp av rettane til å omsetje og leggje til rette meir enn 30.000 artiklar frå Caplex. Allkunne er ei redaksjonsstyrt nettside, slik at alle artiklar er kvalitetssikra og språkvaska før dei vert publiserte. Det er skrive avtale med nær 60 forfattarar frå heile landet.

Bak Allkunne står Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum, som har arbeidd med å få til eit nynorsk nettleksikon i ei årrekkje.

Del på