Digitalt tidsskrift om nordisk barnehageforsking
I haust vart det lansert eit nytt digitalt vitenskapeleg tidsskrift om nordisk barnehageforsking. Her har nordiske forskarar fått ein felles møteplass og formidlingskanal når det gjeld barnehageforsking. Tidsskriftet er basert på Open Acess og er såleis fritt tilgjengeleg for alle interesserte.
Det første nummeret er allereie på nettet med fire artiklar. I dette nummeret er stoffet henta frå Sverige og Finland.
Målgruppa for Nordisk barnehageforskning er alle nordiske forskarar og lærarar, studentar og stipendiatar innan alle fag som arbeider med barnehagen. I redaksjonen sit ressurspersonar frå både norske og nordiske institusjonar.
Hovudfokuset i det nye tidsskriftet er barnehageforsking i vid forstand, av god kvalitet. Det skal kunne vere lengre forskingsartiklar om empirisk forsking, og det er meininga at tidsskriftet skal kome ut tre til fire gonger i året.