Emner i skjønnlitteratur
Vi får rett som det er spørsmål om vi kan hjelpe til med å finne barnebøker om eit spesielt emne eller tema. Hittil har vi ikkje hatt noko godt reiskap til å orientere oss på dette området. Vi er difor glade for at vi no kan tilby søk i basen Emner i skjønnlitteratur.
Emner i skjønnlitteratur er ein emnebasert oversikt over skjønnlitteratur på norsk/i norsk omsetjing for barn og ungdom, utgitt etter 2000. Basen er ordna etter eit utval emne som er spesielt aktuelle i forhold til Kunnskapsløftet. Det er Biblioteksentralen som står ansvarleg for tenesta, og dei seier at dei har som mål å lage ein database som gjer det enkelt å finne ny skjønnlitteratur for barn og unge i grunnskolen. Du finn brukarnamn og passord på Innsida og i Classfronter.