EndNote Web

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Som tilsett har du kanskje allereie installert "desktop-versjonen" av EndNote på pc-en din. Dette er den mest fullstendige og mest avanserte varianten av EndNote programmet, der du m.a. får tilgang til ei rekkje spesialfunksjonar og mogelegheit for å lage dine eigne stilvariantar. EndNote Web er eit enklare program som du kan få tilgang til ved å opprette din eigen brukarkonto på nettet. Det er ideelt å bruke dersom du til dømes jobbar ein del heimanfrå, fordi du då ikkje er avhengig av å installere noko programvare på pc-en. Du kan importere og eksportere referansar mellom dei to EndNote-programma. Slik kan du veksle mellom å bruke desktop-versjonen på jobb og webversjonen heime. EndNote Web gjer det også mogleg å dele referansar med andre, noko som er praktisk dersom de er fleire som samarbeider om eit prosjekt.

Dersom du er student og skal skrive masteroppgåve, er også EndNote Web eit godt hjelpemiddel.  Du kan på ein grei og oversikteleg måte bygge opp din eigen database med referansar, som du deretter hentar inn i oppgåva når du byrjar å skrive.

Biblioteket har utarbeidd hjelpesider til EndNote Web. Der får du informasjon om korleis du opprettar brukarkonto og hjelp til å ta programmet i bruk.

Del på