Europeana - felles nettstad for europeisk kulturarv
Europeana, den felles nettstaden for europeisk kulturarv, har opna. Det ligg allereie to millionar digitale objekt på Europeana, og meir kjem til kvar einaste dag, frå arkiv, bibliotek og museum over heile Europa. Etter den offisielle opninga 20. november vart pågangen så stor at serveren braut saman og nettstaden måtte stenge nokre veker. No er basen oppe igjen, med ei betre og meir robust nettløysing.
Europeana vert kalla sjølve hovuddøra inn til den felles kulturarven vår på nettet. Det er EU som finansierer Europeana, og av innhald kan du mellom anna finne:
Bilete - maleri, teikningar, kart, fotografi og bilete av museumsobjekt
Tekstar - bøker, aviser, brev, dagbøker og arkivdokument
Lyd - musikk og tale frå rullar, band, plater og radiosendingar
Levande bilete - filmar, filmaviser og tv-sendingar
Nokre av desse er allereie kjende over heile verda, andre er skjulte skattar frå museum, galleri, arkiv, bibliotek og audio-visuelle samlingar rundt om i Europa.
Bak Europeana ligg det eit nettverk av 145 kulturinstitusjonar, mellom desse ABM-utvikling og Nasjonalbiblioteket. Ei lang rekkje nasjonale institusjonar er med.