Forskningsetisk bibliotek (FBIB)
Forskningsetisk bibliotek (FBIB) er ein ny, open internettressurs i forskingsetikk. Det er resultatet av ei satsing frå De nasjonale forskningsetiske komiteer, og er realisert gjennom eit samarbeid med alle dei sju universiteta i landet. FBIB tilbyr ei mengde ferske tekstar innan eit breidt spekter av forskingsetiske emne, spesialforfatta av over 50 forskarar og forskingsetikarar.
Du finn også diskusjonseksempel, nyhende og artiklar frå bladet Forskningsetikk. FBIB utgjer ein del av nettsidene til De nasjonale forskingsetiske komiteer og skal primært tene som hjelp til undervisning i forskingsetikk.