Gledeleg aktivitetsauke i biblioteket
Den positive trenden med aukande utlånstal i biblioteket heldt fram også i 2009. Det totale utlånet i fjor var på 65 780 dokument, ein auke på 6.2% i høve til 2008. Dette er spesielt overraskande og gledeleg med tanke på at biblioteket var stengt 8 veker i sommar, pga. omlegging til radiobrikker.
Statistikken viser også at mange har gjort seg bruk av den nye utlånsautomaten som kom på plass i august.
Det har vore ein nedgang i innlån frå andre bibliotek, noko som truleg kan setjast i samanheng med stenginga i sommar.
Søk i databasen vår, Bibsys Ask, har auka med heile 34.7% i forhold til året før. Dette stadfestar at brukarane har fått eit medvite forhold til kvar dei må gå for å starte informasjonsinnhenting. Også bruken av andre databasar har stige. Besøkstalet held seg på om lag same nivå som tidlegare år, med ein liten auke.
Alt i alt syner auken i utlånet og bruken av databasar at biblioteket har ein viktig funksjon for både studentar og tilsette. Sjølv om mykje informasjonsinnhenting kan ordnast heimanfrå, er biblioteklokalet flittig i bruk som både arbeidsplass og kunnskapsbase.