Møt den nye bibliotekleiaren

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

444701948ad3b9dbd3dcd5472340f3eb

Hafsaas Tsakos tok til som leiar ved biblioteket etter nyttår, og erstattar Bente Gunn Lien som har gått over i ei rådgivarstilling. 38-åringen er utdanna arkeolog og kjem frå Universitetet i Bergen der ho hausten 2015 disputerte for doktoravhandlinga si om krigføring mellom Egypt og Nubia i det fjerde tusenår før vår tidsrekning.

Ho har ei lang publikasjonsliste og erfaring med arkeologisk feltarbeid frå Noreg, Palestina og Sudan. Det var i sistnemnde land ho vart kjend med mannen sin – greske Alexandros Tsakos – då dei begge arbeidde på eit internasjonalt arkeologisk prosjekt der. No har Henriette forlate heimbyen Bergen og tatt med seg Alexandros og deira to søner på fem og to og eit halvt år til Volda. Medan mannen, som er postdoktor ved Universitet i Bergen, vil pendle en del til vestlandshovudstaden, skal Henriette legge arkeologien litt til side og konsentrere seg fullt og heilt om biblioteket ved høgskulen.

Vi har stilt ho nokre spørsmål for å bli litt betre kjent med den nye bibliotekleiaren.

– Korleis enda du opp i Volda og på høgskulen?

– Det er litt tilfeldig. Den eine søstera mi flytta til Dalsfjorden i Volda for ikkje så lenge sidan, og då vi var på besøk hos henne syntes heile familien at det var veldig fint her. Eg undersøka om det fanst ledige jobbar ved Høgskulen i Volda, og då  var allereie stillinga som bibliotekleiar utlyst. Å vere arkeolog med mykje reising er ikkje så lett å kombinere med familieliv. Difor vart eg glad då eg fekk jobbtilbodet frå Høgskulen i Volda. Vi hadde tenkt ei stund at vi ville bo meir landleg enn i Bergen, og no vart det Volda. Her får ein det beste av alt – det er fredeleg og vakker natur, samstundes som ein har sentrumsfasilitetar.

– Korleis har dei første dagane på høgskulen vore?

– Dei har vore lærerike og eg har vorte godt tatt i mot. Bente Gunn Lien har styrt biblioteket med ei stødig hand, og det merkast. Det er bra at eg ikkje har hatt eit kjempestort ansvar frå dag ein, og eg får god opplæring.

– Du har bakgrunn som arkeolog. Kva kan du ta med deg av det inn i arbeidet med biblioteket?

– Arkeologar driv mykje med klassifiseringar, det gjer ein også på eit bibliotek. Det med katalogisering og å sette ting i system er ganske likt.

– Kva forhold hadde du til bibliotek før du tok til i den nye jobben?

– Eg har vore ein flittig brukar av bibliotek, særleg i samband med doktorgradsavhandlinga mi. Eg skreiv om eit litt sært tema og var nok ein krevjande brukar av biblioteket. Men då veit eg også at biblioteket er ein svært viktig ressurs for forskarar. Eg blir inspirert når eg kjem inn på eit bibliotek, ein kan oppdage heilt andre ting enn det ein kanskje kom dit for.

– Kva betyr bøker for deg?

– Eg liker bøker som objekt – forma, utsjånaden og lukta deira. Det har med bakgrunnen min som arkeolog å gjere. Elles er eg glad i å lese både faglitteratur og skjønnlitteratur. Og no når doktorgrada er ferdig kan eg endeleg lese skjønnlitteratur igjen med god samvett. Skjønnlitteratur vart nemleg ikkje prioritert då eg arbeidde med avhandlinga.

– Kva ønskjer du at biblioteket ved høgskulen skal vere?

– Det skal vere ei viktig kjelde til kunnskap og inspirasjon for studentar og tilsette. Samstundes skal dei tilsette ved biblioteket vere kunnskapsrike, venlege og hjelpsame overfor brukarane.

 – Vil det verte endringar i biblioteket under di leiing?

– Det er vanskeleg å seie enno. Det ser ut som det fungerer veldig bra i dag. Eg ønskjer at vi skal halde fram med å ha utstillingar som er relevant i forhold til utfordringar i samtida og tema som høgskulen er oppteken av. Biblioteket skal også vere ein aktiv deltakar i Forskingsdagane, svarer Hafsaas Tsakos før ho presenterer ein idé ho allereie har fått positive tilbakemeldingar på:

Eit akademisk skrivesenter på biblioteket kan eg tenkje meg. Tanken er at studentar og tilsette skal få rådgiving i korleis dei kan skrive akademiske tekstar på ein best mogleg måte. Utanom informasjonssøking og referansehandtering kan det til dømes vere aktuelt å gi tips om oppbygging av ein klar argumentasjon, retoriske verkemiddel ein bør nytte eller styre unna, kva form ein akademisk tekst bør ha og kva tidsskrift forskingsresultata kan passe best inn i.

pressefoto

Henriette Hafsaas Tsakos

Del på