Rim og vers i innboksen

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Østfold fylkesbibliotek har fått kr 60 000 frå Norsk kulturråd til vidareutvikling og drift av prosjektet "E-diktet" i 2009. Barnehagar og dei lavaste klassetrinna på skulen er hovudmålgruppa,  men alle som vil kan bli abonnentar.  Alle dikta er nyskrivne og skal appellere til barn mellom to og åtte år i innhald og form.

For å bli abonnent sender du ein e-post til moneke@ostfold-f.kommune.no og merkjer den E-diktet.
Prosjektet har også ein eigen blogg, der du kan finne alle dikta som er sende ut til no: http://e-dikt.blogspot.com/

Del på