– Treng meir enn berre Google

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

078dfb515d9ceffdb4574268d3852bd4

Schjeide, som er leiar for Norsk bibliotekforening, var sjølv student her for godt over 20 år sidan og hadde sjølv valt seg biblioteket ved Høgskulen i Volda på festdagen for biblioteka over heile landet.

Kunnskapens vegvisarar

Med alle dei informasjonskanalane ein har i dag, poengterte ho fleire gongar kor viktig det er at ein har gode og levande bibliotek. Ikkje minst fag- og forskingsbibliotek.

– Vi kan søke på Google for å få informasjon, men det er bibliotek og bibliotekarar som kan di deg kunnskapen. I dagens digitale verden er det så mange vegar til målet, men vi treng meir skilting, sa Schjeide og tenkte på dei bibliotektilsette.

Ho var også klar i sin tale på at biblioteka skal ha god takhøgd.

– Det skal vere ein god debattarena for alt som er innanfor loven.

Eksplodert

Schjeide vart etterfølgt av ein ho huska frå tida som student ved HVO – professor Jan Inge Sørbø. Han er i gang med å skrive Nynorsk litteraturhistorie for Samlaget, der han skal ta for seg den nynorske litteraturen frå Ivar Aasen og opp til samtida. Boka skal kome ut i 2018 og Sørbø har så langt kome seg gjennom litteraturen fram til 1945.

– Nynorsk litteratur har vore ein stor suksess. Ein har hatt leiande nynorske forfattarar i alle periodar, fortalte Sørbø og ramsa opp namn som Aasmund Olavsson Vinje, Arne Garborg, Kristofer Uppdal, Tarjei Vesaas, Olav Duun, Edvard Hoem og Lars Amund Vaage.

2990a30102dbf9b47f281ba3faed392f
Jan Inge Sørbø las utdrag frå nynorsk litteratur og fekk folk til å trekke på smilebandet.

Sørbø la heller ikkje skjul på at han er glad for utviklinga innan nynorsk litteratur.

– Aldri før har det vorte skrive so mange bøker på nynorsk som i den perioden vi er inne i no. Det har eksplodert etter 1990, det gjeld kvantitativt, men eg meiner også kvalitativt, sa Sørbø til dei frammøtte i biblioteket.

Skil seg ut

Han spurte seg spørsmålet om det er vits i å skrive ei eigen bok om nynorsk litteraturhistorie. Han opna med å svare på sitt eige spørsmål med at «det ikkje finns noko enkelt på svar på det», før han enda opp med ein naturleg konklusjon.

– Det er ein slags utakt i nynorsk litteratur. Det har eit etterslep og er til dømes klassisk orientert lengre enn anna litteratur. Ein finn også motvilje mot for mykje romantikk i nynorsk litteratur. Ja, litteraturen skil seg ut. Difor er det ein grunn til å skrive denne boka.

Del på