Vi har fått nytt utlånssystem!

Tekst: Webmaster Volda

Som lånar i biblioteket vil du først og fremst merke skilnad i forhold til tidlegare ved at vi har fått ny og effektiv utlånsautomat (sjølvbeteningsautomat). Vi tippar at dei aller fleste vil vere automatfrelste etter første forsøk!

Etter å ha vore nokså utilgjengelege sidan jonsok, har vi no opna dørene igjen. Vel møtt til eit nytt semester!

Del på