WolframAlpha - noko heilt anna enn Google!

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Medan Google søkjer på nettet og returnerer lenkjer til andre nettsider, gir WolframAlpha svara direkte, basert på data som vert lagra i eigne databasar. WolframAlpha kan difor seiast å vere meir som eit leksikon enn ein søkjemotor.

Kunnskapsmotoren er basert på programmet Mathematica, som er utvikla av matematikaren Stephen Wolfram.
På sikt er nok målet med WolframAlpha å kunne svare på spørsmål om statistiske data om alt mellom himmel og jord. Allereie no er det svært mykje ein kan spørre om. Løysinga brukar også informasjon om kvar brukaren er, basert på ip-adressa, for å kunne gi meir relevante svar.

Ein demonstrasjon av korleis kunnskapsmotoren verkar finn du mellom anna her: http://www.wolframalpha.com/screencast/introducingwolframalpha.html

Del på