Semestre
AIE203 Kunstlærar
120 studiepoeng innan kunstfag (musikk, teater, dans, visuell kunst) eller mediefag (film eller fotografi). Studenten må ha norsk- og engelskspråklege kunnskapar, gode nok til å kunne delta aktivt i dialogbaserte læringsformer.
Begrepet kunstnarlærar/teaching artist viser til ein profesjonell kunstnar som jobbar med kunst i samarbeid med ulike samfunnsinstitusjonar (det kan vere barnehage, skule, aldersheim, sjukehus, fengsel eller liknande). Kunstnarlærarar kan til dømes vere engasjert i deltidsstillingar ved ulike kunstinstitusjonar og samarbeider direkte med lærarar/tilsatte om gjennomføringa av eit kunstprogram. Emnet fokuserer på korleis ein utviklar kunstprogram som relaterer seg til profesjonell kunst og kunstproduksjonar, i tillegg til estetiske læreprosessar i klasseromet, i kulturskular, aldersheim, fengsel eller liknande. Emnet vil òg fokusere på korleis ein etablerer og inngår samarbeid med ulike samfunnsinstitusjonar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha kunnskapar om
- kva som kan bidra til å styrke kvalitet i kunstprogram, både innanfor skulen og innanfor andre samfunnsinstitusjonar
- sentrale teoriar, praksis og metodar knytt til estetiske læreprosessar og kunstproduksjon
Studenten skal kunne
- nytte teoretiske kunnskapar og kunstnariske metodar for å utforske og støtte undervisninga i den kunstdisiplinen ein arbeidar innanfor
- arbeide som ein kunstnarlærar ved å ta ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av eit kunstprogram
- nytte relevante metodar og arbeidsformer når ein jobbar i ein samfunnsinstitusjon
Studenten skal lære
- å bli bevisstgjort dei kunnskapane som må til for å bli ein kunstnarlærar
- å skape gode samarbeid/partnarskap med ulike samfunnsinstitusjonar
- å skape, gjennomføre og evaluere eit kunstprogram
Emnet har obligatorisk oppmøte. Arbeidmåtane vil vere organisert både som gruppearbeid og som individuelt arbeid. Læringa skjer på ulike måtar og vil variere frå praktisk/kunstnarisk arbeid, seminar, forelesing, prosjektarbeid, performance, sjølv-studium og rettleiing. Studentene nyttar IKT som reiskap både i dei teoretiske og praktiske delane av studiet.
Kunstnerlæraremnet inkluderar
- tre obligatoriske samlingar, ein av disse er ein studietur på 4-5 dagar for å studere kunstprogram
- planlegging og gjennomføring av eit kunstprogram i ein institusjon
Studentane må sjølve etablere ei bindande kontrakt/samarbeid med ein institusjon dei skal gjennomføre sitt kunstprogram ved. Studentane vil få tildelt ein rettleiar innanfor aktuell fagdisiplin under utviklinga av kunstprogrammet.
Vilkår for å ta eksamen
- planlegging og gjennomføring av eit kunstprogram i samarbeid med ein institusjon
- ei muntleg framføring
- ein skrifteg rapport
Emnet Kunstnarlærar har obligatorisk oppmøte.Viser òg til Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda: http://www.lovdata.no/for/sf/kd/kd-20090305-0289.html
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Studenten vil måtte dekke utgifter til obligatorisk studietur.
- Arts in Education
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 2 Veker | Stått eller ikkje stått |