Semestre

AIE203 Kunstlærar

Emnekode: 
AIE203
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Haust
Eksamenssemester: 
2016 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk og engelsk
Krav til forkunnskapar

120 studiepoeng innan kunstfag (musikk, teater, dans, visuell kunst) eller mediefag (film eller fotografi). Studenten må ha norsk- og engelskspråklege kunnskapar, gode nok til å kunne delta aktivt i dialogbaserte læringsformer.

Om emnet

Begrepet kunstnarlærar/teaching artist viser til ein profesjonell kunstnar som jobbar med kunst i samarbeid med ulike samfunnsinstitusjonar (det kan vere barnehage, skule, aldersheim, sjukehus, fengsel eller liknande). Kunstnarlærarar kan til dømes vere engasjert i deltidsstillingar ved ulike kunstinstitusjonar og samarbeider direkte med lærarar/tilsatte om gjennomføringa av eit kunstprogram. Emnet fokuserer på korleis ein utviklar kunstprogram som relaterer seg til profesjonell kunst og kunstproduksjonar, i tillegg til estetiske læreprosessar i klasseromet, i kulturskular, aldersheim, fengsel eller liknande. Emnet vil òg fokusere på korleis ein etablerer og inngår samarbeid med ulike samfunnsinstitusjonar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

 

Kunnskapar

Studenten skal ha kunnskapar om

  • kva som kan bidra til å styrke kvalitet i kunstprogram, både innanfor skulen og innanfor andre samfunnsinstitusjonar
  • sentrale teoriar, praksis og metodar knytt til estetiske læreprosessar og kunstproduksjon 
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • nytte teoretiske kunnskapar og kunstnariske metodar for å utforske og støtte undervisninga i den kunstdisiplinen ein arbeidar innanfor
  • arbeide som ein kunstnarlærar ved å ta ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av eit kunstprogram
  • nytte relevante metodar og arbeidsformer når ein jobbar i ein samfunnsinstitusjon 
Generell kompetanse

Studenten skal lære

  • å bli bevisstgjort dei kunnskapane som må til for å bli ein kunstnarlærar
  • å skape gode samarbeid/partnarskap med ulike samfunnsinstitusjonar
  • å skape, gjennomføre og evaluere eit kunstprogram
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet har obligatorisk oppmøte. Arbeidmåtane vil vere organisert både som gruppearbeid og som individuelt arbeid. Læringa skjer på ulike måtar og vil variere frå praktisk/kunstnarisk arbeid, seminar, forelesing, prosjektarbeid, performance, sjølv-studium og rettleiing. Studentene nyttar IKT som reiskap både i dei teoretiske og praktiske delane av studiet.

Kunstnerlæraremnet inkluderar

  • tre obligatoriske samlingar, ein av disse er ein studietur på 4-5 dagar for å studere kunstprogram 
  • planlegging og gjennomføring av eit kunstprogram i ein institusjon 

Studentane må sjølve etablere ei bindande kontrakt/samarbeid med ein institusjon dei skal gjennomføre sitt kunstprogram ved. Studentane vil få tildelt ein rettleiar innanfor aktuell fagdisiplin under utviklinga av kunstprogrammet.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Vilkår for å ta eksamen 

  • planlegging og gjennomføring av eit kunstprogram i samarbeid med ein institusjon
  • ei muntleg framføring
  • ein skrifteg rapport

Emnet Kunstnarlærar har obligatorisk oppmøte.Viser òg til Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda: http://www.lovdata.no/for/sf/kd/kd-20090305-0289.html

 

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
12
Emneansvarleg: 
Rita Slotterøy
Marit Ulvund
Studieavgift

Studenten vil måtte dekke utgifter til obligatorisk studietur.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Arts in Education
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
2 Veker
Stått eller ikkje stått