Semestre

ANFIG162 Figurteikning 2

Emnekode: 
ANFIG162
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Vår
Eksamenssemester: 
2023 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk og engelsk
Forkunnskapskrav, emneliste
ANFIG161 Figurteikning 1
Krav til forkunnskapar

Studentar som ikkje har bestått Figurteikning 1 (ANFIG161) må vise til tilsvarande erfaring eller kunnskap innan figurteikning.

Om emnet

Målet i dette emnet er å trene studentane i observasjons- og teikneevner. Dette vil gi dei verktøy og eit grunnlag for å løyse animasjonstekniske utfordringar gjennom bachelorstudiet. Emnet er meint for studentar som allereie har lært grunnleggande prinsipp innan figurteikning. Studentane vil få utvida kunnskap om proporsjonar, anatomi, bevegelse og komposisjon, og lære seg å forhalde seg til meir komplekse former. Studentane vil også lære seg å oppdage proporsjonsforhold innanfor ei begrensa tidsramme, og dei vil, meir generelt, få utvida kunnskap om moglegheiter innan teikning som kunstnarisk uttrykk. Hovudmålet med emnet er at studentane skal vidareutvikle ferdigheitene i lineær konstruksjon frå Figurteikning 1. Emnet består av forelesingar og praktiske øvingar med rettleiing.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studentane skal ha

  • utvida kunnskap om korleis ein teiknar ein menneskekropp i korrekte proporsjonar
  • utvida kunnskap om bevegelse, balanse og komposisjon
  • utvida kunnskap om menneskekroppens struktur og musklar
  • forståing av korleis anatomi og bevegelse påverkar kroppens utsjånad
  • utvida kunnskap om lineær konstruksjon
  • utvida kunnskap om korleis ein kan bruke teikning som uttrykks- og kommunikasjonsmedium

 

Ferdigheiter

Studentane skal

  • ha videreutvikla ferdigheiter i å teikne etter ein levande aktmodell
  • vere i stand til å omsetje og tolke visuelle opplevingar på ein uttrykksfull måte
Generell kompetanse

Studentane skal

  • ha forbedra sine teikneferdigheiter og kunne sjå nye moglegheiter innan teikning
  • vere i stand til å inkorporere sin kunnskap om teikning i sitt animasjonsarbeid og vidare studier 

 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet bygger på Figurteikning 1, og vektlegg lineær teikning. Emnet er organisert rundt ein teoretisk del og praktiske øvingar der ein teiknar etter ein aktmodell. Ein lærar vil rettleie studentane i dei individuelle øvingane, blant anna ved å foreslå teikneteknikkar som passar den einskilde.

Studentane vil få i oppgåve å forklare sitt eige arbeid for medstudentar. Dette vil få dei til å øve seg i analytisk og sjølvrefleksiv tenking. Studentane vil også få små heimelekser.

Forelesingar vil bli haldne på norsk, og på engelsk for utanlandske studentar.

Ved slutten av semesteret vel studenten ut 5 større teikneoppgåver som leverast i mappeeksamen.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.

Sensorordning
Minimumstal: 
6
Maksimumstal: 
15
Emneansvarleg: 
Rory Thompson
Materialavgift

Studentane må sjølv sørge for å ha følgande grunnleggande verktøy: trekull, knetgummi og fiksativ. I tillegg kan dei trenge blekk, akvarell e.l. Anna naudsynt utstyr blir gitt av skulen.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Animasjon - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
Stått eller ikkje stått
100
Godkjent av: 
Kate Kartveit