Semestre
ANFIG162 Figurteikning 2
Ingen.
For engelsktalande utvekslingsstudentar: Opptak for utvekslingsstudentar er utelukkande baserte på vurdering av portefølje. Alle utvekslingsstudentar må senda inn ei lenkje til den nettbaserte porteføljen sin saman med søknadsdokumenta.
Målet i figurteikning er å trene studenten i observasjons- og teikneevner. Dette vil gi verktøy og eit grunnlag for å løyse animasjonstekniske utfordringar gjennom bachelorstudiet. Emnet er meint for studentar som allereie har lært grunnleggande prinsipp innan figurteikning. Studenten vil få utvida kunnskap om proporsjonar, anatomi, bevegelse og komposisjon, og lære å forhalde seg til meir komplekse former. Studenten vil også lære seg å oppdage proporsjonsforhold innanfor ei begrensa tidsramme, og dei vil, meir generelt, få utvida kunnskap om moglegheiter innan teikning som kunstnarisk uttrykk. Hovudmålet med emnet er at studenten skal oppretthalde og vidareutvikle ferdigheitene frå Figurteikning 1. Emnet består av forelesingar og praktiske øvingar med rettleiing.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- utvida kunnskap om korleis ein teiknar ein menneskekropp i korrekte proporsjonar
- utvida kunnskap om bevegelse, balanse og komposisjon
- utvida kunnskap om menneskekroppens struktur og musklar
- forståing av korleis anatomi og bevegelse påverkar kroppens utsjånad
- utvida kunnskap om lineær konstruksjon
- utvida kunnskap om korleis ein kan bruke teikning som uttrykks- og kommunikasjonsmedium
Studenten skal
- ha videreutvikla ferdigheiter i å teikne etter ein levande aktmodell
- vere i stand til å omsetje og tolke visuelle opplevingar på ein uttrykksfull måte
Studenten skal
- ha forbedra sine teikneferdigheiter og kunne sjå nye moglegheiter innan teikning
- vere i stand til å inkorporere sin kunnskap om teikning i sitt animasjonsarbeid og vidare studier
Emnet bygger på Figurteikning 1, og vektlegg positurteikning som grunnlag for animasjon. Emnet er organisert rundt ein teoretisk del og praktiske øvingar der ein teiknar etter ein aktmodell. Ein lærar vil rettleie studenten i dei individuelle øvingane, blant anna ved å foreslå teikneteknikkar som passar den einskilde.
Studenten vil også få små heimelekser.
Forelesingar vil bli haldne på norsk, og på engelsk for utanlandske studentar.
Ved slutten av semesteret vel studenten, saman med rettleiar, ut 5 større teikneoppgåver som leverast i mappeeksamen.
Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
Studentane må sjølv sørge for å ha følgande grunnleggande verktøy: trekull, knetgummi og fiksativ. I tillegg kan dei trenge blekk, akvarell e.l. Anna naudsynt utstyr blir gitt av skulen.
- Animasjon - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | Stått eller ikkje stått | 100 |