Semestre

ANI263 Animasjon 3: Spesialisering

Emnekode: 
ANI263
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Haust
Eksamenssemester: 
2025 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk og engelsk
Forkunnskapskrav, emneliste
ANI162 Animasjon 2: 3D-animasjon - stop motion og CGI
ANT162 Animasjonsteori 2: Former for animasjon
Krav til forkunnskapar

For english speaking exchange students: Admission for exchange students is based exclusively on portfolio assessment. All exchange students must submit a link to their online portfolio, together with the application documents.

Om emnet

Studentane skal gjennom emnet fordjupe seg i ein sjølvvald animasjonsteknikk. Emnet består i hovedsak av eit gruppearbeid der oppgåva er å lage ein kortfilm i den sjølvvade teknikken. Studentane utviklar først ein idé og produksjonsplan, før dei set i gang med sjølve produksjonen. Gjennom arbeidet med filmproduksjonen, som blir rettleia av faglærar, vil studentane få fordjupande trening i animasjonsteknikken dei har valt.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten er forventa å ha grunnleggjande forståing av

  • moglegheiter, prosessar, metoder og verktøy innanfor animasjonsteknikken 2D, stop-motion eller 3D-dataanimasjon
  • korleis 2D, stop-motion eller 3D-dataanimasjon kan brukast i framstillinga og utforskinga av idear, og som verktøy i historieforteljing
Ferdigheiter

Studenten er forventa å kunna

  • ha spesialiserte ferdigheiter innan 2D, stop-motion eller 3D-dataanimasjon
  • gi form til ein idé gjennom 2D, stop-motion eller 3D-dataanimasjon
  • produsere ein animert kortfilm med lyd
Generell kompetanse

Studenten er forventa å kunna

  • jobbe i gruppe med eit animasjonsprosjekt
  • videreutvikla sine kreative, praktiske og kommunikative evner innan fagområdet
  • nytte animasjon til å framstille og utforske idear og/eller fortelje ei historie
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studenten blir undervist i kortfilmproduksjon og teknikk, og arbeider ut frå dette sjølv med animasjonsfilmproduksjon i gruppe. Rammene og vurderingskriteria for produksjonen blir oppgitt ved emnets start, og en rettleiar følger produksjonen gjennom semesteret.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Andres Mänd
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Animasjon - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
Stått eller ikkje stått
100
Mappa skal innehalde ein animert kortfilm (1-2) og ein kortare eksperimentell animasjonsfilm. I mappa skal ein også levere eit notat som klargjer for studenten si eiga rolle i gruppeprosjekt.
Emneansvarleg opplyser ved semesterstart om filformat.
Alle