Semestre

ANI263 Animasjon 3: Spesialisering

Emnekode: 
ANI263
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2022 Haust
Eksamenssemester: 
2022 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk og engelsk
Forkunnskapskrav, emneliste
ANI162 Animasjon 2: 3D-animasjon - stop motion og CGI
ANT162 Animasjonsteori 2: Former for animasjon
Krav til forkunnskapar

For english speaking exchange students: Admission for exchange students is based exclusively on portfolio assessment. All exchange students must submit a link to their online portfolio, together with the application documents.

Om emnet

Studentane skal gjennom emnet fordjupe seg i ein sjølvvald animasjonsteknikk: 2D, stop-motion eller 3D-dataanimasjon. Emnet består i hovedsak av eit gruppearbeid der oppgåva er å lage ein kortfilm i den sjølvvade teknikken. Studentane utviklar først ein idé og produksjonsplan, før dei set i gang med sjølve produksjonen. Gjennom arbeidet med filmproduksjonen, som blir rettleia av faglærar, vil studentane få fordjupande trening i animasjonsteknikken dei har valt. Det blir undervisingøkter som støttar opp om denne treninga.

Som del av fordjupninga vil studentane som vel stop-motion lage si eiga dokke, og studentane som vel 3D-dataanimasjon vil lage sin eigen 3D-modell. Studentar som vel 2D-animasjon vil få fordjupa sin kompetanse innan blant anna karakterdesign og karakteranimasjon.

Emnet består også av eit mindre prosjekt i andre del av semesteret, der studentane får eksperimentere heilt fritt, og utforske utradisjonelle teknikkar og tilnærmingar til animasjon.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha kunnskap om

  • moglegheiter, prosessar, metoder og verktøy innanfor animasjonsteknikken 2D, stop-motion eller 3D-dataanimasjon
  • korleis 2D, stop-motion eller 3D-dataanimasjon kan brukast i framstillinga og utforskinga av idear, og som verktøy i historieforteljing
  • historiske eksempel på 2D, stop-motion eller 3D-dataanimasjon

Studenten skal ha grunnleggande kunnskap om

  • moglegheiter for å eksperimentere innan animasjonsmediet, med eller utover dei tradisjonelle teknikkane
Ferdigheiter

Studenten skal

  • ha spesialiserte ferdigheiter innan 2D, stop-motion eller
  • 3D-dataanimasjon
  • kunne gi form til ein idé gjennom 2D, stop-motion eller 3D-dataanimasjon
  • kunne produsere ein animert kortfilm med lyd
  • kunne eksperimentere med animasjon, deriblant med utradisjonelle animasjonsteknikkar
Generell kompetanse

Studenten skal

  • ha erfaring og innsikt i å jobbe i gruppe med eit animasjonsprosjekt
  • ha videreutvikla sine kreative, praktiske og kommunikative evner innan fagområdet
  • kunne nytte animasjon til å framstille og utforske idear og/eller fortelje ei historie
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studenten blir undervist i kortfilmproduksjon og teknikk, og arbeider ut frå dette sjølv med animasjonsfilmproduksjon i gruppe. Rammene og vurderingskriteria for produksjonen blir oppgitt ved emnets start, og en rettleiar følger produksjonen gjennom semesteret. I arbeidet med eksperimentell animasjon opnast det opp for å jobbe aleine. I løpet av semesteret skal studenten ha gjennomført:

  • ein animert kortfilm (1-2 minutt)
  • ein kortare eksperimentell animasjonsfilm

Desse arbeida skal leverast i mappeeksamen. I mappa skal ein også levere eit notat som klargjer for studentens eiga rolle i gruppeprosjekt. Vurderinga, som er stått/ikkje stått, foregår på individuelt nivå.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Andres Mänd
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Animasjon - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
Stått eller ikkje stått
100
Mappa skal innehalde ein animert kortfilm (1-2) og ein kortare eksperimentell animasjonsfilm. I mappa skal ein også levere eit notat som klargjer for studenten si eiga rolle i gruppeprosjekt.
Emneansvarleg opplyser ved semesterstart om filformat.
Alle