Semestre

ANI265 Animasjon 5

Emnekode: 
ANI265
2 semester
Studiepoeng: 
60
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Haust
2026 Vår
Eksamenssemester: 
2026 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk og engelsk
Om emnet

Emnet strekker seg over to semester, og består hovudsakleg av planlegging og gjennomføring av eit større animasjonsprosjekt. Etter å ha gjennomført prosjektet skal ein ha laga eit ferdig animasjonsverk som leverast som eit eksamensprodukt. Prosjekta vil bli rettleia av faglærarar.

Studentane skal også beskrive og drøfte prosessen i eit refleksjonsskriv som dei leverer saman med eksamensproduksjonen. Ein vel eit sjølvvald pensum, som er meint å gi refleksjonane ein teoretisk basis.

Emnet gir også studentane kunnskap om ulike moglegheiter som praktiserande animatør, for å førebu dei til tida etter bachelorstudiet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

Studenten er forventa å kunna

  • ha forståing for produksjonsprosessen som ligg bak eit animasjonsprosjekt.
  • ha kunnskap om si eiga rolle og eigne moglegheiter som animatør.
Ferdigheiter

Studenten er forventa å kunna

  • ha hovudansvaret for planlegging og gjennomføring av eit større animasjonsprosjekt innan ei fastsett tidsramme.
  • reflektere over et animasjonsprosjekt i ei skriftleg, akademisk form.
  • bruke arbeidsmetoder og teknikkar for å utvikle et konsept fra idé til ferdig verk.
  • reflektere over si eiga rolle som animatør i ein kunstnarisk og fagleg samanheng.
  • pitche og formidle eit animasjonsprosjekt.
Generell kompetanse

Studenten er forventa å kunna

  • reflektere over si eiga rolle som animatør i eit yrkesmessig perspektiv.
  • samarbeide med andre om eit felles kreativt prosjekt.
  • kommunisere og arbeide i eit internasjonalt miljø.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Hoveddelen av emnet består av sjølvstendig arbeid og/eller gruppearbeid med veiledning. Det blir også organisert jamlege samlingar der det er rom for å diskutere prosessen. Det er også undervisinig knytt til dei praktiske og teoretiske aspekta ved produksjonen.. 

Studentane skal i løpet av haustsemesteret pitche idé for prosjektet og legge fram manus, storyboard og produksjonsplan. Studentane skal og levere liste over sjølvvald pensum som godkjennast av rettleiar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Levera evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
15
Emneansvarleg: 
Rory Thompson
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Animasjon - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Studenten leverer eit animasjonsprodukt og eit refleksjonsskriv. Sistnemnde skal forklare og reflektere over produksjonsprosessen og vise bevisstheit om kva hen har skapt. Studentar som har jobbet med eksamensproduksjonen i gruppe leverer eit individuelt refleksjonsskriv
Munnleg justerande eksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Munnleg eksamen tar utgangspunkt i eksamensproduktet og refleksjonsskrivet. Munnleg eksamen justerer karakteren.
Godkjent av: 
Kate Kartveit