Semesters
ANI265 Animasjon 5
Emnet strekker seg over to semester, og består hovudsakleg av planlegging og gjennomføring av eit større animasjonsprosjekt. Etter å ha gjennomført prosjektet skal ein ha laga eit ferdig animasjonsverk som leverast som eit eksamensprodukt. Prosjekta vil bli rettleia av faglærarar.
Studentane skal også beskrive og drøfte prosessen i eit refleksjonsskriv som dei leverer saman med eksamensproduksjonen. Ein vel eit sjølvvald pensum, som er meint å gi refleksjonane ein teoretisk basis.
Emnet gir også studentane kunnskap om ulike moglegheiter som praktiserande animatør, for å førebu dei til tida etter bachelorstudiet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten er forventa å kunna
- ha forståing for produksjonsprosessen som ligg bak eit animasjonsprosjekt.
- ha kunnskap om si eiga rolle og eigne moglegheiter som animatør.
Studenten er forventa å kunna
- ha hovudansvaret for planlegging og gjennomføring av eit større animasjonsprosjekt innan ei fastsett tidsramme.
- reflektere over et animasjonsprosjekt i ei skriftleg, akademisk form.
- bruke arbeidsmetoder og teknikkar for å utvikle et konsept fra idé til ferdig verk.
- reflektere over si eiga rolle som animatør i ein kunstnarisk og fagleg samanheng.
- pitche og formidle eit animasjonsprosjekt.
Studenten er forventa å kunna
- reflektere over si eiga rolle som animatør i eit yrkesmessig perspektiv.
- samarbeide med andre om eit felles kreativt prosjekt.
- kommunisere og arbeide i eit internasjonalt miljø.
Hoveddelen av emnet består av sjølvstendig arbeid og/eller gruppearbeid med veiledning. Det blir også organisert jamlege samlingar der det er rom for å diskutere prosessen. Det er også undervisinig knytt til dei praktiske og teoretiske aspekta ved produksjonen..
Studentane skal i løpet av haustsemesteret pitche idé for prosjektet og legge fram manus, storyboard og produksjonsplan. Studentane skal og levere liste over sjølvvald pensum som godkjennast av rettleiar.
Levera evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Animation - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Studenten leverer eit animasjonsprodukt og eit refleksjonsskriv. Sistnemnde skal forklare og reflektere over produksjonsprosessen og vise bevisstheit om kva hen har skapt. Studentar som har jobbet med eksamensproduksjonen i gruppe leverer eit individuelt refleksjonsskriv | ||||
Adjusting oral examination | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Munnleg eksamen tar utgangspunkt i eksamensproduktet og refleksjonsskrivet. Munnleg eksamen justerer karakteren. |