Semestre

ANT162 Animasjonsteori 2: Former for animasjon

Emnekode: 
ANT162
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2026 Vår
Eksamenssemester: 
2026 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk og engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Dette emnet søkjar å gi studentane ei historisk og analytisk forståing for ulike former for animasjonsfilm. Emnet består av å sjå og diskutera animasjonsfilmar frå ulike tider, og å utforska ulike aspekt ved animasjon som historieforteljing og estetisk uttrykksform.

Målet er å gjera studentane kjende med store linjer i animasjonshistoria samtidig som dei oppøves i å næranalysere enkeltverk. Tema og døme kan variera frå semester til semester, men animasjon og dets formspråk vil sjåast i samanheng med ein større kunst- og filmhistorie.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten er forventa å ha ei grunnleggjande forståing for

  • sentrale historiske linjer i animasjonsfilmhistoria
  • ulike stilar og estetiske uttrykk i animasjonsfilmhistoria
  • konvensjonar og eksperimentering i animasjonsfilmhistoria
  • filmvitskaplege omgrep som kastar lys over animasjon som historisk og estetisk kunstform
Ferdigheiter

Studenten er forventa å kunna nytta

  • faglege omgrep i refleksjon og analyse av animasjonsfilm
  • historisk kunnskap i refleksjon og analyse av animasjonsfilm
  • faglitteratur for å utforska animasjonshistoria og drøfta animasjonshistoriske problemstillingar
Generell kompetanse

Studenten er forventa å kunna 

  • sjå og diskutera animasjon i ein vitskapleg samanheng
  • sjå sin eigen praksis i lys av ei større historie
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet består hovedsakleg av forelesingar og seminar. Utover dette er det forventa sjølvstendig arbeid med pensum.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Endre Eidså Larsen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Animasjon - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Meir informasjon kjem ved semesterstart.
Alle
Fagtekst på 1000-3000 ord.
Godkjent av: 
Kate Kartveit