Semestre
ANT162 Animasjonsteori 2: Former for animasjon
Ingen.
I dette emnet blir det gitt ei innføring i ulike tilnærmingar til animasjonsfilm som uttrykksform. Der Animasjonsteori 1 la vekt på studien av den klassiske teiknefilmen, fokuserer ein her på meir poetiske og eksperimentelle former for animasjonsfilm. Kva for animasjonsstilar finnar vi utanfor den klassiske teiknefilmen? Det vil bli gitt historiske eksempel på estetiske og stilistiske utforskingar innanfor og utanfor dei respektive teknikkane studentane lærer å ta i bruk i Animasjon 2. I dette emnet får ein også kunnskap om korleis desse teknikkane, og studentane sin øvrige animasjonspraksis, inngår i ei større historie av former for kunst og film. Gjennom filmvisingar, samtalar og ei skriftleg øvingsoppgåve får studentane trening i å tenke og skrive analytisk om animasjonsfilm.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgande læringsutbytte etter fullført emne:
Studentene skal ha grunnleggande
- kunnskap om ulike historiske tilnærmingar til animasjonsfilm som uttrykksform
- kjennskap til ulike former og stilar innanfor og utanfor dei tradisjonelle animasjonsteknikkane
- kjennskap til ikkje-lineære forteljarstrukturar og poetiske uttrykksformer innan animasjonsfilm
- kunnskap om animasjonsfilmens relasjon til andre former for kunst og film
Studentane skal ha grunnleggande
- ferdigheiter innan analyse av ulike former og stilar innanfor animasjonsfilm
- evne til å reflektere over animasjonsfilmens kunstnariske moglegheiter og karakteristiske trekk i ein større kunstnarisk samanheng
- evne til å reflektere over samanhengen mellom konvensjonar og eksperimentering
- evne til å differensiere mellom teknikkar og stilar, og mellom gruppestilar og individuelle stilar
Studentane skal
- kunne sjå og diskutere animasjonsfilm i ein vitskapleg samanheng
- kunne sjå sin egen praksis i lys av ei større historie
Emnet består hovedsakleg av forelesingar. Det vil bli gitt individuelle skriveøvingar med rettleiing. Det leggast vekt på å sjå animasjonsfilmar saman, diskutere filmopplevingane og snakke om teoretiske tema i lys av dette. Det vil også bli organisert seminar der ein drøftar pensum og tema innanfor emnets rammer.
Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Animasjon - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Ordbok |