Semestre

ANT162 Animasjonsteori 2

Emnekode: 
ANT162
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2022 Vår
Eksamenssemester: 
2022 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

I dette emnet blir det gitt ei innføring i ulike tilnærmingar til animasjonsfilm som uttrykksform. Der Animasjonsteori 1 la vekt på studien av den klassiske og kommersielle animasjonsfilmen, fokuserer ein her på meir uavhengige, personlege, ukonvensjonelle, poetiske og eksperimentelle initiativ innan animasjon. Det vil særleg bli gitt historiske eksempel på estetiske og stilistiske utforskingar innanfor dei respektive teknikkane studentane lærer å ta i bruk i Animasjon 2. I dette emnet får ein også kunnskap om korleis desse teknikkane, og studentane sin øvrige animasjonspraksis, inngår i ei større historie av former for kunst og film. Gjennom filmvisingar, samtalar og ei skriftleg øvingsoppgåve får studentane trening i å tenke og skrive analytisk om animasjonsfilm.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studentene skal ha grunnleggande:

  • kunnskap om ulike tilnærmingar til animasjonsfilm som uttrykksform
  • kjennskap til ulike former og stilar innanfor dei tradisjonelle animasjonsteknikkane
  • kjennskap til ikkje-lineære forteljarstrukturar og poetiske uttrykksformer innan animasjonsfilm
  • kunnskap om animasjonsfilmens relasjon til andre former for kunst og film
Ferdigheiter

Studentane skal ha grunnleggande

  • ferdigheiter innan analyse av ulike former og stilar innanfor animasjonsfilm, med særleg vekt på dei tradisjonelle teknikkane dei lærer å jobbe med i Animasjon 2
  • evne til å reflektere over animasjonsfilmens kunstnariske moglegheiter og karakteristiske trekk i ein større kunstnarisk samanheng
  • evne til å reflektere over samanhengen mellom konvensjonar og eksperimentering
  • evne til å differensiere mellom teknikkar og stilar, og mellom gruppestilar og individuelle stilar
Generell kompetanse

Studentane skal

  • kunne sjå og diskutere animasjonsfilm i ein vitskapleg samanheng
  • kunne sjå sin egen praksis i lys av ei større historie
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet består hovedsakleg av forelesingar. Det vil bli gitt individuelle skriveøvingar med rettleiing. Det leggast vekt på å sjå animasjonsfilmar saman, diskutere filmopplevingane og snakke om teoretiske tema i lys av dette. Det vil også bli organisert seminar der ein drøftar pensum og tema innanfor emnets rammer

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Ingen særskilte vilkår.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
15
Emneansvarleg: 
Endre Eidså Larsen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Animasjon - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
3 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Godkjent av: 
Kate Kartveit