Semestre
ANT201 Animasjonsteori 3
Emnekode:
ANT201
Varighet:
1 semester
Studiepoeng:
15
Studienivå:
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester:
2021 Haust
Eksamenssemester:
2021 Haust
Undervisningsspråk:
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
ANT101 Animasjonsteori 1
ANT102 Animasjonsteori 2
Om emnet
Emnet tar for seg nyare utvikling innan animasjon og korleis den har blitt og blir påvirka av utvikling innan teknologi, mediebilde og samfunn. Emnet tar også for seg animasjon utanfor den vestlege sfæren. Emnet går djupare inn i filmanalyse, og teoriar om media og kommunikasjon ut frå eit humanistisk perspektiv.
Læringsutbytte
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Kunnskapar
Studentane skal ha utvida kunnskap om:
- Moderne animasjonsfilm i ein brei kontekst
- Animasjonsfilmens rolle både som underhaldning, opplysing og kunstnarleg uttrykk
- Animasjonsbransjens plass i norsk og internasjonal medieindustri – animasjonsfilmens plass som audiovisuelt uttrykk i det totale mediebildet
- Filmanalyse
Ferdigheiter
Studentane skal ha utvida ferdigheiter innan:
- Kunne analysere ein animasjonsfilm i ein brei teoretisk kontekst
- Kunne reflektere over animasjonsfilmens plass i samfunnet
- Kunne analysere eigne og andres medietekstar
Generell kompetanse
Studentane skal
- Kunne analysere ulike medietekstar og medias rolle i samfunnet
Praktisk organisering og arbeidsmåtar
Fellesforelesingar og individuelle studiar.
Vilkår for å framstille seg til eksamen
Ingen særskilde vilkår.
Sensorordning
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Evaluering og kvalitetssikring
Minimumstal:
5
Maksimumstal:
15
Emneansvarleg:
Trygve Selnes Nielsen
Emnet inngår i følgande studieprogram
- Animasjon - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 4 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Heimeeksamen i filmanalyse. | |||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Munnleg justerande eksamen med utgangspunkt i analysen og pensum i animasjonsteori 1, 2 og 3 og animasjon 1, 2 og 3. |
Godkjent av:
Kate Kartveit