Semestre
BLUBULL-D Barns utvikling, leik og læring
Ingen.
Emnet tek utgangspunkt i faga norsk og pedagogikk, og omfattar barns utvikling, leik og læring i eit samfunn prega av mangfald. Målet med emnet er å utvikle forståing for og innsikt i å leggje til rette for, planleggje og leie barns leike-, lærings- og danningsprosessar. Ei slik kompetanse er viktig for å fremje barns heilskaplege utvikling i eit inkluderande fellesskap prega av omsorg, medverknad, samarbeid og dialog. Leiken er ei grunnleggjande livs- og læringsform som både har ein eigenverdi og som skal danne grunnlaget for ei allsidig utvikling. Emnet omhandlar tema som leiing av barnegrupper, foreldresamarbeid, didaktikk, språkutvikling, barn med behov for ekstra støtte, inkludering og kulturelt mangfald.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om:
- grunnleggjande teoriar og forsking om barns utvikling, leik, læring og danning
- leiken sin eigenverdi og leiken som arena for læring og for å utvikle vennskap med andre barn
- barns omsorgs-, leike- og læringsbehov med særleg vekt på dei yngste barna
- barns språkutvikling og språket som struktur
- korleis ulike språk-, song- og tradisjonsleikar kan stimulere barns språkutvikling
- den fleirkulturelle barnehagen med eit ressursperspektiv på mangfald
- samisk språk og kultur
- inkludering og barn med behov for ekstra støtte
- foreldresamarbeidet si tyding for barns utvikling og læring
- ulike observasjonsformer
- didaktikk
- leiing og rettleiing i barnehagen
Studenten skal kunne:
- leie pedagogiske prosessar i barnehagen og leggje til rette for barns læring gjennom leik
- leie ei barnegruppe og utvikle omsorgsfulle relasjonar til barn der relasjonane ber preg av innleving og anerkjenning av kvart einskild barn
- framstå som ein medviten rolle- og språkmodell for barn i samarbeid med personalet og føresette
- med utgangspunkt i observasjon og refleksjon skape eit inkluderande miljø for alle barn uavhengig av bakgrunn og føresetnader
- vise grunnleggjande toleranse, interesse og respekt for alle barn sine individuelle behov
Studenten har kompetanse i:
- å planlegge varierte pedagogiske aktivitetar for barn, der ein tek omsyn til alder, føresetnadar og sosial, språkleg og kulturell bakgrunn
- å kunne artikulere, formidle og vidareutvikle sin kompetanse om pedagogisk arbeid med barn
- å reflektere over profesjonelle og etiske utfordringar knytt til pedagogisk arbeid med barn
Arbeids- og læringsformer
Arbeidsmåtane i emnet er forelesingar, arbeid individuelt og i gruppe, og gjennomføring av studentpresentasjonar i gruppe. Studentane får undervisning på Campus i Volda og via konferansesystemet Adobe Connect. Studentane sine erfaringar frå praksis vert tekne med inn i undervisninga og i studentane sine arbeidskrav. Undervisninga vert knytt opp til desse overordna emna:
Leik, læring og utvikling
Didaktikk og observasjon
Leiing og rettleiing
Dei yngste barna i barnehagen
Barn med behov for ekstra støtte
Språkutvikling og språkstimulering
Den fleirkulturell barnehagen
Samisk språk og kultur
- Foreldresamarbeid
Praksis
Praksis første studieår er ein rettleidd og vurdert praksis på 25 dagar. Sjå Emneplan praksis og Praksishefte del II for meir informasjon
Frammøtekrav:
Frammøte til undervisninga er obligatorisk etter gjeldande reglar
Arbeidskrav:
- Eg som leiar: Etter praksis skal studentane gje ein kort presentasjon for medstudentar og faglærar, av den pedagogiske leikeaktiviteten dei har gjennomført i praksis, og skrive ei individuell oppgåve basert på erfaringane i praksis. Oppgåva skal vere på 1500 ord +/- 10 % Studenten skal i denne oppgåva leggje vekt på si rolle som leiar av barnegruppa i barnehagen. Dette er det første av tre arbeidskrav i utdanninga som omhandlar studenten si utvikling som leiar (sjå også emneplan for BLUKKK-D og BLULSU-D).
- Dei yngste barna i barnehagen: Arbeidet legg vekt på at studenten tileignar seg kunnskap om dei yngste barna i barnehagen og skal munne ut i ein presentasjon i gruppe for medstudentar og faglærar. Til presentasjonen skal det følgje logg for arbeidet og eit grunnlagsnotat på om lag 400 ord.
- Barns språkutvikling. Studentane skal utarbeide ei individuell, skriftleg oppgåve på om lag 1800 ord om barn si språkutvikling. Oppgåva er knytt til praksis.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
- Barnehagelærar - bachelor (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Digital eksamen med eigen bærbar datamaskin. |