Semestre
BLUBULL-D Barns utvikling, leik og læring
Ingen.
Kunnskapsområdet består av faga norsk og pedagogikk, og omhandlar barns leik, læring og utvikling. Emnet skal bidra til den faglege innsikta som er naudsynt for å kunne arbeide pedagogisk med leik, læring, omsorg og danning i et mangfaldig samfunn. Kunnskapsområdet tek føre seg barnehagepedagogiske tema som kan bidra til å skape eit inkluderande fellesskap prega av omsorg, tryggleik, anerkjenning, medverknad og utforsking. Leik er eit sentralt tema i dette emnet. Leiken er ei grunnleggjande livs- og læringsform som både har ein eigenverdi og som skal danne grunnlaget for ei allsidig utvikling. Samarbeid og dialog med føresette og andre samarbeidspartnarar, samt barns språkutvikling, inngår også som ein del av kunnskapsområdet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om:
- aktuelle teoriar og forsking om barns utvikling, leik, læring og danning, og om samanhengar mellom desse
- leiken sin eigenverdi og leiken som arena for læring og for å utvikle relasjonar og vennskap
- inkludering
- barns veremåtar, omsorgsbehov og leike- og læringslyst
- barns språkutvikling og språket som struktur
- samanhengen mellom språk og leik, og korleis barnehagelæraren kan arbeide med språkstimulering
- den fleirkulturelle barnehagen med eit ressursperspektiv på mangfald
- barn med behov for ekstra støtte
- foreldresamarbeid og betydinga foreldresamarbeid har for barns trivsel og utvikling
- didaktikk
- observasjon og pedagogisk dokumentasjon
- leiing og rettleiing i barnehagen
Studenten kan:
- planlegge, grunngje og reflektere over pedagogiske prosessar i barnehagen, og inkludere barna sine erfaringar, interesser og rett til medverknad i dette arbeidet
- leie pedagogiske prosessar og legge til rette for barns læring gjennom leik ved å delta i leik saman med barn, støtte barns nysgjerrigheit og utforsking, og bidra til trivsel og glede
- leie ei barnegruppe og utvikle omsorgsfulle relasjonar til barn
- stå fram som ein medviten rolle- og språkmodell for barn i samarbeid med personalet og føresette
- med utgangspunkt i observasjon og refleksjon, skape eit inkluderande miljø for alle barn uavhengig av erfaringar, interesser og føresetnader
Studenten har kompetanse i:
- å møte alle barn og familiar med interesse, toleranse, respekt og anerkjenning
- å reflektere kritisk over etiske utfordringar og eiga profesjonsutøving i samspel med barn, personale og føresette
- å utøve gryande profesjonelt skjønn, vidareutvikle sin pedagogiske kunnskap og vise evne til å formulere og formidle denne munnleg og skriftleg
Arbeidsmåtane i emnet er førelesingar, arbeid individuelt og i gruppe, og gjennomføring av studentpresentasjonar i gruppe. Studentane sine erfaringar frå praksis vert tekne med inn i undervisninga og i studentane sine arbeidskrav. Undervisninga vert knytt opp til desse overordna emna:
- Leik, læring og utvikling
- Didaktikk, observasjon og pedagogisk dokumentasjon
- Leiing og rettleiing
- Dei yngste barna i barnehagen
- Språkutvikling og språkstimulering
- Den fleirkulturelle barnehagen
- Barn med behov for ekstra støtte
- Foreldresamarbeid
Praksis
Praksis første studieår er ein rettleidd og vurdert praksis på 25 dagar. Sjå Emneplan praksis og Praksishefte del II for meir informasjon
- Frammøte til undervisninga er obligatorisk etter gjeldande reglar
- Arbeidskrav:
- Eg som leiar: Individuell skriftleg oppgåve basert på erfaringar frå praksis. Oppgåva skal vere på 1500 ord (+/- 10 %). Dette er det første av tre arbeidskrav i utdanninga som omhandlar studenten si utvikling som leiar (sjå også emneplan for BLUKKK D og BLULSU D).
- Dei yngste barna i barnehagen: Presentasjon i gruppe, logg for arbeidet og eit samandrag på om lag 400 ord.
- Barns språkutvikling. Individuell skriftleg oppgåve som førebuing til observasjonar i praksis. Oppgåva skal vere på 1800 ord (+/- 10 %)
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Barnehagelærar - bachelor (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 7 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 |