Semestre
BLUKKK30-D Kunst, kultur og kreativitet
Ingen.
Emnet er sett saman av faga musikk, forming, drama og pedagogikk.
Kunnskapsområdet kvalifiserer barnehagelæraren til å sjå, forstå og verdsette barns estetiske uttrykksformer, og til å bli medskapar i ein levande barnehagekultur.
Utvikling av praktiske ferdigheiter, estetisk oppmerksomheit og skapande evner utgjer ein sentral del av kunnskapsområdet. Barnehagelæreren har ansvar for at alle barn utviklar eit rikt uttrykksrepertoar gjennom allsidige sanseopplevingar, kroppslege erfaringar, tid til leik og eksperimentering, refleksjon og kommunikasjon. Kunnskapsområdet kvalifiserer til å bruke kunstfaglege arbeidsformer i ei tydeleg profesjonsrolle, som inviterer til utforskande og skapande verksemd og ser samanheng mellom estetiske læringsprosessar og barns leik, læring og danning.
Studentane skal arbeide med formidling av kunst -og kulturuttrykk for og med barn og dei skal kunne leie kreative prosessar, samt samarbeide og lede medarbeidarar.
Emnet har også fokus på mangfald gjennom å omhandle mellom anna mangfold i funksjon, likestilling, det fleirkulturelle og samiske kulturtradisjonar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har:
- Innsikt i korleis kunst og kultur bidreg til barn sine ulike opplevingar og uttrykksformer, leik, læring og danning
- Kunnskap om leiing og rettleing av personalet i barnehagen.
- Kunnskap om, og kjenner til samarbeid med ulike instansar rundt barn og familiar i vanskelige livssituasjonar.
- Kunnskap om barn si utvikling innan dei estetiske fagområda
- Kunnskap om korleis motivasjon, identitet og sjølvoppfatning verkar inn på utøving, oppleving og læring i estetiske fag
- Kunnskap om faglege basiskunnskapar i musikk, forming og drama
- Kunnskap om samisk kultur
-Studenten kan:
- Planlegge, leie, gjennomføre, dokumentere og vurdere kunstfaglege prosessar for og med barn og vaksne
- Strukturere og skape rom som inviterer barn til estetiske møte gjennom undring, utforsking, kreativitet, skaparglede og leik
- Fremje kreative prosessar med fokus på barns heilskaplege læring og oppleving av meistring
- Bruke den faglege kunnskapen i arbeidet som rollemodell, improvisasjon, undring og leik
- Bruke pedagogiske og digitale verkttøy i arbeidet med barns utviklng- og læringsprosessar
- Bruke ulike reiskapar, teknikkar og materiale frå ulike handverkstradisjonar og utforske desse i samspel med barn
Studenten:
- Ser barn som kompetente deltakarar som kan medverke i barnehagen sin arena for kunst- og kultur
- Har ei medviten haldning til og evne til innleving i barna sine ulike, estetiske uttrykksformer
- Forstår barnehagelæraren si betydning som medskapar, deltakar og rollemodell i barna si utforsking og deira uttrykk, og kan stimulere barna si skaparglede og meistringskjensle
- Kan ta i vare kjønnsperspektivet og fleirkulturelle perspektiv i skapande aktivitetar og i kunst- og kulturformidlinga i barnehagen
- Kjenne til korleis fremje gjenbruk og bærekraftig utvikling
- Skal kunne leie personalgruppa i barnehagen
- Forstår utviklingsarbeid og forsking som føresetnad for å styrke det kunst- og kulturfaglege arbeidet i barnehagen
Kunnskapsområdet er organisert i temablokker med både praktisk og teoretisk undervisning: Ein kombinasjon av førelesing via Adobe Connect og campussamlingar, individuell oppgåveløysing, gruppearbeid og sjølvstudium.
Praksis er fordelt på bolkar. Studiet har stort fokus på yrkesretting og det vert lagt opp til gjennomgåande kontakt med praksisbarnehagen.
Frammøtekrav:
All undervisning er obligatorisk. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråver. Viser til Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §7-3, om frammøte og deltaking i undervisninga.
Arbeidskrav:
- Presentasjon av gjennomføring, dokumentasjon og refleksjon kring ei praktisk oppgåve knytt til praksis (j.f Praksishefte del II)
- Eit skriftleg arbeid i pedagogikk etter SOM-seminaret (Saman Om Omsorg) på omlag 2000 ord.
- Eg som leiar. Individuelt skriftleg refleksjonsnotat i pedagogikk på om lag 1500 ord med vekt på studenten si utvikling som leiar i barnehagen..
- Eit praktisk arbeidskrav i forming.
- Eit praktisk arbeidskrav i drama.
- Eit praktisk arbeidskrav i musikk.
Arbeidskrava må godkjennast for å få gå opp til eksamen. Sjå retningslinjer for arbeidskrav på høgskulen si nettside.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
Studentane betaler ei materialavgift på kr. 300,- til innkjøp av fellesmateriale. I tillegg må studentane pårekne kjøp av noko utstyr, og utgifter til fargekopiering av oppgåver. For fylgjer av manglande innbetaling, sjå Retningslinjer for studierett, på høgskulen si nettside.
- Barnehagelærar - bachelor (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Gruppe | 4 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | |||
Heimeeksamen | Individuell | 5 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | 2000 ord +/- 10% |
Varighet på praktisk del av eksamen er 3 dager pr. student.
Halve kullet får utdelt eksamen mandag med praktisk gjennomføring onsdag.
Andre halvpart får utdelt eksamen tirsdag med praktisk gjennomføring på torsdag.