Semestre
BLUKKK30-D Kunst, kultur og kreativitet
Kunnskapsområdet omfattar det å sjå, forstå og verdsetje barna sine estetiske uttrykksformer. Studenten skal utvikle seg til å bli ein medskapar i ein levande barnehagekultur prega av mangfald. Kunnskapsområdet tydelgegjer barnehagelæraren sitt ansvar for å gje barn tilgang til eit mangfald av kulturelle tradisjonar og aktuelle strøymingar i kunst- og kulturliv. Kunnskapsområdet skal fremje barna sin musiske veremåte som betyr å utvikle kvart enkelt barn si kreative utfolding.
Utvikling av praktiske ferdigheiter, estetisk merksemd og skapande evner utgjer ein sentral del av kunnskapsområdet. Barnehagelæraren har ansvar for at alle barn utviklar eit rikt uttrykksrepertoar gjennom allsidige sanseopplevingar, kroppslege erfaringar, tid til leik og eksperimentering, refleksjon og kommunikasjon. Kunnskapsområdet sitt mål er å bruke kunstfaglege arbeidsformer i ei tydeleg profesjonsrolle, som inviterer til utforskande og skapande verksemd og ser samanheng mellom estetiske læringsprosessar og barns leik, læring og danning.
Kunnskapsgrunnlaget bygger på barnehagepedagogisk kunnskap og i hovudsak lærarutdanningsfaga musikk, drama og forming, og på kunstnarisk utviklingsarbeid og forsking med relevans for kunnskapsområdet. Praksisstudiet er integrert i kunnskapsområdet. Emne er sett saman av fagområda musikk, drama, forming og pedagogikk.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om:
- korleis faga i kunnskapsområdet bygger på barns leik og bidreg til deira estetiske opplevingar, uttrykksformer, læring, danning og didaktisk arbeid
- barnekultur, samiske kunst- og kulturtradisjonar, kulturelt mangfald og kulturarv, og innsikt i korleis kunst og kultur påverkar barns uttrykksformer
- kommunikasjon, dramatisk leik, samspel og formidling i kunstfagleg arbeid
- estetiske verkemidlar, arbeidsmåtar, materialar, instrument, verktøy og teknologi i musikk, drama og forming
- ulike kulturar, herunder samisk kultur
Studenten kan:
- bruke materialar, reiskapar, instrument og teknikkar i eige skapande arbeid, og utforske desse saman med barn i planlagde og spontane situasjonar
- forstå og nytte faglege omgrep
- stimulere barn til å utforske, leike, lære og skape gjennom digitale uttrykksformer
- bruke si faglegheit til improvisasjon i leik og skapande prosessar
- legge til rette for barns møte med eit mangfald av kunst- og kulturuttrykk frå fortid og notid, lokalt, nasjonalt og internasjonalt
- leie estetiske læringsprosessar med og for barn og medarbeidarar, og ivareta etisk refleksjon i dokumentasjon og vurdering
- skape inne- og uterom som inviterer barn til estetiske opplevingar, undring, fordjuping, utforsking, skaparglede og leik
Studenten:
- ser barn som kompetente deltakarar på samfunnet sin kulturarena og sikrar barns ytringar og demokratiske rettar også ved å fremje deira estetiske språkformer
- kjenner barnehagelæraren sin betydning som medskapar, deltakar og rollemodell i barns estetiske læringsprosessar
- kan stimulere barns musiske veremåte og livsmeistring
- har forståing for korleis utviklingsarbeid og forsking i kunst- og kulturfagleg arbeid kan brukast i barnehagen
Kunnskapsområdet er organisert med både praktisk og teoretisk undervisning: Ein kombinasjon av førelesing via Zoom og campussamlingar, individuell oppgåveløysing, framføring, gruppearbeid og sjølvstudium. Det inngår også ei veke (4 dagar) med SOM-seminar (Saman Om oMsorg for barn), i samarbeid med sosialfagutdanninga på høgskulen.
Praksis er ein intergrert del av kunnskapsområdet. Studiet har stort fokus på yrkesretting og det vert lagt opp til gjennomgåande kontakt med praksisbarnehagen.
Frammøtekrav:
All undervisning er obligatorisk. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråvære. Viser til Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §7-3, om frammøte og deltaking i undervisninga.
Arbeidskrav:
- Presentasjon av gjennomføring, dokumentasjon gjennom digital fortelling og refleksjon kring ei praktisk oppgåve knytt til praksis
- Eit skriftleg arbeid i pedagogikk etter SOM-seminaret (Saman Om Omsorg) på 2000 ord +/- 10%.
- Eit skriftleg arbeid i pedagogikk etter praksis. Eg som leiar. Individuelt skriftleg refleksjonsnotat med vekt på studenten si utvikling som leiar i barnehagen på 1500 ord +/- 10% .
- Eit praktisk arbeidskrav i forming knytt til ferdigheitstrening
- Eit praktisk arbeidskrav i drama knytt til ferdigheitstrening
- Eit praktisk arbeidskrav i musikk knytt til ferdigheitstrening
Arbeidskrava må godkjennast for å få gå opp til eksamen. Sjå retningslinjer for arbeidskrav på høgskulen si nettside.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Studentane betaler ei materialavgift på kr. 300,- til innkjøp av fellesmateriale. I tillegg må studentane pårekne kjøp av noko utstyr, og utgifter til fargekopiering av oppgåver.
- Barnehagelærar - bachelor (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Gruppe | 4 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | |||
Munnleg eksamen | Individuell | 10-15 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Eksamen vil være om prosessen med den praktiske eksamen og eit trekt emne frå eit av fagområda |
Varighet på praktisk del av eksamen er 4 dager pr. student.