Semestre

BLULSU Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid

Emnekode: 
BLULSU
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Haust
Eksamenssemester: 
2017 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
BLUBULL1 Barns utvikling, leik og læring 1
BLUSRLE Samfunn, religion, livssyn og etikk
BLUNHR Natur, helse og rørsle
Krav til forkunnskapar

BLUBULL1, BLUSRLE og BLUNHR

Om emnet

Det overordna målet for kunnskapsområdet er å styrke kvaliteten i barnehagen ved studentane sin kompetanse i leiing, organisasjonskunnskap og samarbeid. Innhaldet i kunnskapsområdet er strukturert etter tre hovudtema der leiing i barnehagen utgjer omlag halvparten. 

Barnehagen som organisasjon utgjer ei viktig ramme for å forstå og utøve leiing og endringsarbeid. Leiing og samarbeid er relatert til eit barnehagemiljø prega av mangfald der behovet for samarbeid er stort. Det vert lagt vekt på korleis organisering, leiarhandlingar og samarbeid kan styrke barnehagen som lærings- og utviklingsarena for yngre og eldre barn. 

Praksis er ein integrert del av kunnskapsområdet. Erfaringane frå praksis skal danne grunnlag for refleksjon knytt til omgrepa leiing, endring og utvikling.

Innhaldet bygger på den kompetansen som studenten har opparbeidd tidlegare i studiet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar
  • Studenten har kunnskap om organisasjonsteori og barnehagen som organisasjon.
  • Studenten har kunnskap om leiing og rettleiing av menneske med ulik bakgrunn og ulike føresetnader.
  • Studenten har kunnskap om relevant forsking, metodar og verktøy som grunnlag for leiings- og utviklingsarbeid.
  • Studenten har kunnskap om samarbeidsprosessar mellom barn, føresette og personale.
Ferdigheiter
  • Studenten kan identifisere og reflektere over korleis strukturelle og kulturelle forhold legg rammer for leiing og utviklingsarbeid i barnehagen.
  • Studenten kan ta i bruk og vurdere eigna metodar og verkty i arbeid med utviklings- og læringsprosessar.
  • Studenten kan reflektere kritisk over eigen praksis som leiar og barnehagen sin praksis i arbeid med utvikling av barnehagelærarrolla og profesjonsetikk.
  • Studenten kan leie pedagogisk arbeid og ta avgjerder som fører til utvikling av barnehagen.
  • Studenten kan vise sjølvstende i å leie rettleiings- og samarbeidsprosessar i utviklingsarbeid.
  • Studenten kan vise relasjonell forståing og kommunikativ kompetanse og i samarbeid med barn, føresette og personale.
Generell kompetanse
  • Studenten har kunnskap om korleis strukturelle og kulturelle forhold legg rammer for leiing og utviklingsarbeid.

  • Studenten har medvit om eiga rolle som leiar og profesjonell yrkesutøvar og har kompetanse til å ta ansvar for eiga profesjonsutvikling, samt vilje til å støtte fram utviklinga av medarbeidarane sin profesjon.

  • Studenten kan gjere profesjonsetiske vurderingar knytt til ansvar, makt, respekt og toleranse.

  • Studenten kan identifisere område som krev utviklingsarbeid og vurdere kva leiingshandlingar som er naudsynte for å skape ei ønska utvikling.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane er førelesingar, arbeid både individuelt og i gruppe og gjennomføring av eit pedagogisk utviklingsarbeid.

Det er 20 dagar rettleidd praksis. Tema for praksis er å gjennomføre eit pedagogisk utviklingsarbeid retta mot samarbeid med barn og personale. Det betyr at studenten i gruppe eller individuelt skal planlegge, gjennomføre og evaluere eit konkret utviklingsarbeid i barnehagen. Erfaringane skal danne grunnlag for refleksjon knytt til omgrepa leiing, endring og utvikling.  

Vilkår for å framstille seg til eksamen

- Frammøte til undervisinga etter gjeldande reglar.                                      

- Godkjent arbeidskrav 1:  Prosjektplan for utviklingsarbeidet – individuelt eller i gruppe.

- Godkjent arbeidskrav 2:  Digital forteljing som etterarbeid av praksisperioden

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. 

Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Linda Marie Viddal
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Det vert gitt ein førebels bokstavkarakter på heimeoppgåva.
Ei skriftleg, individuell heimeoppgåve, ‘Eg som leiar’. Oppgåva skal ha eit omfang på minimum 2 700 ord og maksimum 3 300 ord.
Munnleg justerande eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Heimeoppgåva må vere vurdert til bestått før ein kan gå opp til munnleg eksamen.

Eksamenen tar utgangspunkt i heimeoppåva, men gjeld pensum for heile emnet.

Munnleg justerande eksamen betyr at prestasjonen på munnleg eksamen kan føre til ei eventuell justering av karakteren på semesteroppgåva. Studenten får vite den endelege karakteren same dag.
Inntil 30 minutt